Begge er testa etter at dei utvikla symptom og skal etter det ha vore isolerte, skriv FHI i ei pressemelding søndag.

– Smittesporingsteama i kommunane vil no følgja opp ifølgje gjeldande rutinar for personar som får påvist den engelske virusvarianten, med ekstra testing og tettare oppfølging av nærkontaktar for å redusera risiko for eventuell vidare spreiing. Den engelske virusvarianten ser ut til å vera meir smittsam enn det vanlege koronaviruset, men den ser ikkje ut til å gje nokon større risiko for alvorleg sjukdom ut frå det me veit no.seier avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet.

Ein av dei som har fått påvist smitte tilhøyrer Kinn kommune, bekreftar kommuneoverlege Jan Helge Dale til NRK.

Den andre smitta er frå Oslo kommune, melder TV2.