Den generelle moglegheita for mellombels tilsetting er oppheva.

Regelen i arbeidsmiljølova om mellombels tilsetting på generelt grunnlag i inntil 12 månader er oppheva med verknad frå 1. juli 2022. Endringa er grunngjeven i regjeringa sitt ynskje om å styrke arbeidstakarar sin rett til fast tilsetting, og ei generell målsetting om at arbeidstakarar skal få tilbod om heile, faste stillingar.

Endringa vil gjelde for avtaler inngått etter 1. juli 2022 – avtaler inngått før denne datoen vil som utgangspunkt vere gyldige ut avtaletida. Arbeidsmiljølova opnar framleis for mellombels tilsetting i enkelte tilfelle, men denne moglegheita er no i hovudsak avgrensa til tilfelle der det er tale om arbeid av mellombels karakter, eller tilfelle der ein arbeider i staden for andre (i vikariat).

Reglar om kollektiv søksmålsrett er gjeninnført

Reglar om kollektiv søksmålsrett for fagforeiningar er gjeninnført med verknad frå 1. juli 2022. Føresegna gjev fagforeiningar moglegheit til å saksøkje verksemder i tilfelle der dei meiner at verksemda har brote reglane knyta til innleige av arbeidskrav. Søksmål kan reisast i fagforeininga sitt namn og uavhengig av om den/dei aktuelle arbeidstakarane sjølv ynskjer å delta i saka. Gjeninnføring av denne regelen, som blei oppheva tilbake i 2015, er grunngjeven i eit ynskje om å sikre at innleigereglane blir etterlevd, og dessutan å forsterke moglegheita til å reagere i tilfelle der ulovleg innleige blir avdekkja.

Endringar i forskrift om heimekontor

Behovet for endringar i forskrifta om heimekontor kom til syne under pandemien, og er no på plass i revidert forskrift gjeldande frå 1. juli 2022. Endringane omfattar mellom anna:

  • Det er gjort tydeleg i kva tilfelle forskrifta gjeld. Forskrifta gjeld ikkje ved kortvarig eller sporadisk arbeid i eigen heim. Faste ordningar med heimekontor ein dag kvar veke er derimot vurdert å vere av eit slikt omfang at forskrifta skal gjelde. Unntaket for kortvarig eller sporadisk arbeid vil i hovudsak kunne gjerast gjeldande dersom omfanget av heimearbeid er mindre enn ein dag i veka i snitt. Unntak kan også vere aktuelt ved korte periodar med heimearbeid grunna tidsavgrensa behov for særskilt tilrettelegging.
  • Det er gjort unntak frå kravet om skriftleg avtale om heimekontor i dei tilfelle der slik ordning blir tatt i bruk etter pålegg eller oppmoding frå myndigheitene, tilsvarande det som var tilfelle under pandemien. I slike situasjonar vil det vere tilstrekkeleg at arbeidsgjevar gjev skriftleg informasjon til dei tilsette etter drøfting med tillitsvald.
  • Det er gjort tydeleg at krava til det psykososiale arbeidsmiljøet skal gjelde tilsvarande uavhengig av om arbeidstakar jobbar frå arbeidsplassen eller frå heimekontor.
  • Arbeidstilsynet er gjeve myndigheit til å føre tilsyn med forskrifta. Tilsyn kan derimot ikkje gjennomførast ved inspisering av arbeidstakaren sin heim, med mindre dette blir særskilt avtalt.
  • Arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid skal gjelde tilsvarande ved arbeid på heimekontor som ved arbeid på arbeidsplassen. Forskrifta hadde tidlegare særlege reglar om arbeidstid, desse er no oppheva.

Endringar i regelverket om arbeidsavklaringspengar (AAP)

Folketrygdlova har sidan 2018 hatt ein regel om at personar som hadde mottatt AAP i maksimal stønadsperiode, ikkje kunne søke om AAP på ny før utløp av ein karensperiode på 52 veker. Denne regelen er no oppheva med verknad frå 1. juli 2022.

AAP har framleis ei maksimal varigheit på tre år med unntaksvis moglegheit for stønad i ytterlegare to år, men det er innført nye føresegner for unntak frå maksimal stønadsperiode. Unntaket er arbeidsretta, og gjev grunnlag for forlenging av stønadsperioden dersom stønadsmottakaren allereie er i arbeid og er nær å kunne auke arbeidsevna si, eventuelt er nær ved å bli i stand til å skaffe seg eller gå tilbake i arbeid. Det er ein føresetnad for begge alternativa at stønadsmottakaren har oppnådd eller kan oppnå ei arbeidsevne på meir enn 50 prosent.

Det er også innført ei overgangsordning som skal sikre at stønadsmottakarar som allereie får AAP ikkje blir ståande utan stønad inntil eventuell rett til AAP etter dei nye reglane har blitt vurdert. Overgangsordninga vil gjelde for perioden 1. juli–31. oktober 2022.