– Dette er ikkje ein konkurranse eller kåring. Mange eldsjeler i dei lokale laga gjer ein svært viktig jobb som ikkje nødvendigvis kjem fram i spaltane våre til vanleg. No har me lyst å fortelja historiene deira, seier Romøren.

Alle idrettslag er hovudsakleg basert på frivilligheit. Eit arbeid som dannar fellesskap mellom menneske i bygdene og grendene i Sogn.

– Til ei kvar tid vert det lagt ned ein enorm innsats i lokale idrettslag som er heilt uvurderleg for at born og vaksne kan driva med aktivitet. Denne innsatsen fortener å koma meir fram i lyset, seier Romøren.

Håpar folk kjem med innspel

Sogn Avis hadde ein liknande serie i 2017 som blei godt motteke. Difor gjer me dette igjen.

– Det kan vera kven som helst, trenarar, oppmenn, bussjåførar, kioskvakter – alle som bidreg til at folk kan driva med aktivitet.

Nesten ein av tre nordmenn gjer gratisarbeid for idrettslaget sitt i ein eller anna form, ifølgje regjeringen.no

– Så her er det nok å ta av. Kom med innspel, oppmodar Romøren.

Kom med dine forslag til eldsjeler som fortener omtale i skjemaet under: