Frå og med denne veka har barneverna i dei tre kommunane på sørsida av fjorden felles vaktordning som skal sikra at barn og unge får akutt hjelp utanom kontortid dersom det er trong for det. (Arkivfoto)

Endeleg klart for felles barnevernsvakt

Prosjektet har vore undervegs ei god stund.

Publisert 09.01.2019 kl. 17.00.

Frå og med denne veka har barneverna i dei tre kommunane på sørsida av fjorden felles vaktordning som skal sikra at barn og unge får akutt hjelp utanom kontortid dersom det er trong for det. 


Utvida samarbeid

Spørsmålet om felles barnevernsvakt for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland har vore drøfta i fleire omgangar, men arbeidet skaut fart etter at det vart oppretta ei styringsgruppe for utvida interkommunalt samarbeid i fjor vår. 


Aurland og Lærdal etablerte heildøgns barnevernsvakt i mai i fjor, no er også Årdal kopla på. 


- Ring dersom du er avlorleg bekymra for eit barn eller ein ungdom og du tenkjer at barnet har behov for umiddelbar hjelp frå barnevernstenesta, er den tydelege oppmodinga kommunane kjem med på si heimeside.


Telefonnummeret er 90 21 34 81  


Les meir om: Nyhende Aurland Lærdal Årdal

Siste saker Gå til framsida