Enda ein NRK-tilsett i Førde koronasmitta

DEL

Ein ny tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde har måndag kveld fått påvist covid-19. Vedkomande har vore på heimekontor sidan det første smittetilfellet ved kontoret vart påvist onsdag i førre veke, skriv NRK Vestland.

Alle som var på Førde-kontoret til NRK måndag, tysdag og onsdag i førre veke skal no testast for covid-19, og er sett i karantene av kommuneoverlegen i Sunnfjord.

NRK Vestland opplyser at på grunn av dette kjem ettermiddagssendinga frå kl. 14 til å gå som samsending frå Bergen.

Artikkeltags