Gå til sidens hovedinnhold

Endå ei sognebygd kan få Tom Cruise på besøk

Som Sogn Avis tidlegare har omtala, er Sogn høgaktuell som lokasjon for innspelinga av Mission Impossible 8, med Tom Cruise i hovudrolla.

Tidlegare har det vore snakk om Balestrand, men måndag melder TV 2 at også Aurland er aktuell. Ordførar Trygve Skjerdal stadfestar overfor tv-kanalen at det har vore dialog med som står bak filminnspelinga.

– Eg kan stadfesta at det har vore ein korrespondanse om diverse ting - blant anna løyve for helikopterlandingar. Me er utruleg glade for at dei er interesserte i Aurland som eit alternativ! Det er utruleg fint for bygda vår, seier Skjerdal til TV 2, men noko meir ville han ikkje utdjupa.

Til Sogn Avis seier han at han som ordførar berre veit at det er oppretta kontakt, og det gjeld løyve frå kommunen til landing og helikoptertrafikk. Så må dei også ha løyve frå eventuelle berørte private grunneigarar. Skjerdal fortel også at det er ei stund sidan denne kontakten.

– Eg veit ikkje kor reelt dette er, men så klart spennande viss det skjer, seier Skjerdal.

Kva kan den lokale Tom Cruise-effekten bli? Dette svarar ekspertane.

Sauene blir flytta, no kan Tom Cruise berre koma

Kommentarer til denne saken