Innspelinga av den neste versjonen av «Farmen kjendis» er i full gang i Kragerø. No er det klart kven som skal delta i programmet, melder TV2.

På deltakarlista er to damer frå Sogn. Forfattar, vêrannonsør og no vêrredaktør i TV 2, Eli Kari Gjengedal frå Leikanger og journalist/tidlegare moteredaktør, no konsulent, Signy Fardal frå Sogndal.

Dei skal konkurrera mot:

  • John Arne Riise (39) – fotballtrenar, tidl. profesjonell fotballspelar
  • Lasse Matberg (34) – influensar og idrettsbefal
  • Anniken Jørgensen (23) – influensar og forfattar
  • Espen Rustad Thoresen (61) – komikar og radioprofil
  • Thomas Felberg (48) – programleiar og musikar
  • Øde Nerdrum (24) - kunstnar (sonen til Odd Nerdrum)
  • Terje Sporsem (43) – komikar og TV-profil
  • Kine Olsen Vedelden (26) – tidl. verdsmeister i Cheerleading (dotter til Drillo)
  • Ida Fladen (34) – programleiar
  • Sølje Bergman (45) – skodespelar og samfunnsdebattant