Elevar testa smaksløkane: – Raude eple er best

SMAKSTEST: Elevane er godt i gang med å testa dei ulike eplesortane. (f.v.) Vegard Olsmo Oen, Aksel Aaland Eggum, Sondre Ramstad Os, Kent Thorsnes, Ragnhild Mellingen, Elise Tufte Mardal, Shayma Mohammad Almansour og Sondre Hauso. (Foto: Leikanger Ungdomsskule)

SMAKSTEST: Elevane er godt i gang med å testa dei ulike eplesortane. (f.v.) Vegard Olsmo Oen, Aksel Aaland Eggum, Sondre Ramstad Os, Kent Thorsnes, Ragnhild Mellingen, Elise Tufte Mardal, Shayma Mohammad Almansour og Sondre Hauso. (Foto: Leikanger Ungdomsskule) Foto:

Elevane på Leikanger ungdomsskule storkoste seg som fruktsmakarar.

DEL

I eit samarbeidsprosjekt mellom Njøs frukt- og bærsenteret (tidlegare Njøs Næringsutvikling) og Leikanger ungdomsskule skulle elevane i 8. klasse analysera ulike eplesortar.

– Me smakte på seks forskjellige eplesortar, so fylte me inn eit skjema der me skulle vurdera syrlegheit, fastheit, kor sprø og saftige dei var samt fargen på eplet, seier elev Eline Dimmen Henjum

Auke interessa

Dette prosjektet inngår i Lektor 2-programmet, som er eit realfagleg samarbeidsprosjekt mellom bedrift og skule.

– Prosjektet skal heva interessa for realfag blant ungdomar, seier kontaktlærar for 8B, Janne Marita Bergheim.ProsjektSkulen tok kontakt med Dag og Kurab Røen, og fekk dei med på prosjektet. Dei var so ute på ungdomsskulen for å presentera bedrifta og kva dei driv med.

– Etter me hadde vore der sende me ut eit oppdragsbrev til elevane, der fekk dei vita at dei skulle gjennomføra ei sensorisk analyse og ein meir omfattande forbrukartest, seier prosjektleiar ved frukt- og bærsenteret Dag Røen.

Resultat

Etter analysane var gjort vart det laga presentasjonar av prosjektet. Eit utval av presentasjonane vart synt til dei tilsette på frukt- og bærsenteret

– Eg er imponert over kor flinke dei har vore, det er ressurskrevjande å gjera ein so stor forbrukartest, seier Dag Røen.

Elevane sit no igjen med ei kjensle av at det dei gjorde har ei betydning, fortel Bergheim.

Frukt- og bærsenteret kan no nytta resultata og vidareutvikla epla.

– Dei har no lagt grunnlaget for kva sortar som blir med vidare, og me kan no nytta det dei har kome fram til i forbrukartesten som ei skildring av dei forskjellige sortane, seier Røen.

Presentasjon: Både elevar og tilsette lyttar til presentasjonen av prosjektet. Fremst i bilete er Dag Røen, Vilde Strong-Linde og Maria Saltnes Slinde. (Foto: Gunnar Kleven)

Presentasjon: Både elevar og tilsette lyttar til presentasjonen av prosjektet. Fremst i bilete er Dag Røen, Vilde Strong-Linde og Maria Saltnes Slinde. (Foto: Gunnar Kleven) Foto:


Læringsform

– Eg tenkjer at det er viktig å komma seg ut av klasserommet og gjera noko anna enn å lesa berre teori. Og eg er sikker på at elevane sit igjen med mykje lærdom sjølv om dei kanskje ikkje er klar over det, seier Bergheim

Og elevane verkar positive til læringsforma.

– Me har lært om smakssansar og diagram, og samstundes lært meir om kva dei driv med hjå Njøs frukt- og bærsenter og kva dei dyrkar, seier Eline Dimmen Henjum.

Raude eple

Ettersom eplesortane er nye og namnlause er elevane usikre på kva eplesort som faktisk var best, men ein ting kan dei seia.

– Raude eple var best.


Artikkeltags