Elevar frå medielinja tok jobben då 8. mai-markeringa skulle dokumenterast. Sjå innslaget her
VIKTIG DAG: Kommunane Luster, Vik og Sogndal hadde ei felles markering av frigerings- og veterandagen Markeringa fann stad ved minnesteinen frå 1. verdskrig ved Lægreid hotell.. Foto: Jon Tvilde, Sogndal kommune.
Kommunane Luster, Vik og Sogndal hadde felles markering av frigjerings- og veterandagen.
Dagen vart markert med kransenedlegging, tale og musikalske innslag. Markeringa fann stad ved minnesteinen frå 1. verdskrig ved Lægreid hotell.
Digital sending
Sogndal kommune skriv på sine nettsider at under eit normalår ville dette jubileet fått meir merksemd, men det må diverre venta til eit seinare høve grunna situasjonen rundt korona.
Kommunen ønskte uansett å skapa ei markering innanfor dei rammene restriksjonane for kulturarrangement og smittevern tillot. Soleis vart markeringa sendt digitalt.
Musikk, minnetale og kransenedlegging
Det var elevane ved Campus Media UB ved Sogndal vidaregåande skule som filma markeringa og gjorde intervju med dei som deltok, mellom anna Liv Signe Navarsete, medlem i utanriks- og forsvarskomiteen, Bård Flattun Lilleeng, områdesjef HV og ordførarane Arnstein Menes og Roy Egil Stadheim.
Frå elevbedrifta var det Eirik Njøs Mardal og Martin Hesjevoll frå UB som stod bak kamera og mikrofon. Dei to avgangselevane tykkjer det var kjekt å få oppdraget.
– Det gjekk veldig fint. Me hadde med oss læraren vår også. Jobben var å filma og intervjua dei som deltok, seier Njøs Mardal.
På programmet stod musikken, minnetale og kransenedlegging. Her kan du sjå markeringa som vart filma av Media UB ved Sogndal vidaregåande skule:
Kommentarer til denne saken