Gå til sidens hovedinnhold

Elevar får heimeskule rett før jul

På grunn av lågare smittetal er det ikkje lenger raudt smittenivå ved nokon av dei vidaregåande skulane i Vestland. Det blir heimeskule på alle skulane 21. og 22. desember.

Det opplyser Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Samstundes opplyser dei at det blir heimeskule desse to dagane før jul av omsyn til både elevar og lærarar. Det er ein del elevar i fylke som bur på hybel eller internat, og som skal heim til jul. I tillegg er det framleis område i fylke med høgt smittepress, sjølv om dette no går nedover. Elevar på tilrettelagde grupper vil få tilbod om fysisk undervisning.

Vil unngå karantene i jula

– Me trur både elevar, lærarar og føresette kjenner seg tryggare når dei går inn i julefeiringa med heimeskule desse dagane. Ein del elevar og lærarar har vore i karantene i haust, og me har forståing for at dei fryktar ei jul med dei avgrensingane karantene gir. Me håpar heimeskule dei to siste dagane før jul gjer elevane, tilsette og føresette litt mindre engstelege for at dei ikkje får feira den jula dei ønskjer, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i pressemeldinga.

Lyngedal oppmodar elevane om å følgja både lokale og nasjonale smittevernreglar, slik at oppstarten over nyttår ikkje blir prega av sjukdom og karantene på dei vidaregåande skulane i fylket.

Raude skular blir gule

Alle skular i Vestland som har hatt raudt nivå, går frå måndag over til gult. Raudt nivå har vore på dei vidaregåande skule i Bergen og sju nærkommunar. Grunnen til denne endringa er at smittetala har gått betydeleg ned den siste tida. Ved gult nivå betyr det at alle elevar skal stille som normalt på skulen frå måndag 7. desember.

Det kan ta litt tid for skulane å setja i verk overgangen frå raudt til gult nivå. Elevane vil få melding frå skulen sin når dei skal møt, opplyser fylkeskommunen.

Kommentarer til denne saken