Laurdag har Vest politidistrikt motteke ei svindelsak der svindlar tok kontakt med ein eldre person via telefon. Han presenterte seg som politibetjent og sa at dei hadde registrert mistenkjeleg aktivitet på kontoen til vedkomande.
På Twitter oppmodar Vest politidistrikt folk om å vera på vakt. Den eldre personen blei beden om personopplysningar og informasjon om kodebrikke. Politiet understrekar at dei aldri ber om nokon sin konto eller bank id via telefon. Denne gongen blei den eldre personen svindla for store summar.
– Ver på vakt, heiter det i oppmodinga frå Vest politidistrikt.