Ekspresidenten blei heidra under fotballtinget

GULLGLIS: Yngve Hallén fekk NFF sitt gullmerke under fotballtinget laurdag.

GULLGLIS: Yngve Hallén fekk NFF sitt gullmerke under fotballtinget laurdag. Foto:

Yngve Hallén fekk gullmerket under tinget til Norges Fotballforbund (NFF) laurdag.

DEL

Dette er ein av dei høgste utmerkingane einskildpersonar kan få i norsk fotball, og no var det altså den tidlegare fotballpresidenten sin tur til å få denne framfor forsamlinga.

– Personen er kjend for sin høge arbeidskapasitet, evne til å spela på lag og får mykje av æra for at Sogndal i dag har moderne og funksjonelle anlegg, står det i grunngjevinga bak tildelinga.

Den går kronologisk gjennom hans tid frå han kom til Sogndal, til han blei president, og til han returnerte til det som har blitt heimbygda hans.

– Hans store innsats og engasjement for fotballen leia han til vervet som fotballpresident i 2010. Ein funksjon han hadde fram til tinget i 2016. Gjennom hans presidentperiode fekk me etablert sentrale utviklingskonsept som kvalitetsklubb og landslagsskulen. I tillegg blei det gjennomført justeringar i forbundets strukturar innanfor vedtakskompetanse og rolledeling, står det skrive.

Artikkeltags