Eitt tilfelle av korona-smitte påvist i Luster

– Me har eitt verifisert smittetilfelle som vert handtert etter alle retningsliner og prosedyrar, stadfestar smittevernlege Bård Flattun Lilleeng.

DEL

Han vil ikkje seia noko verken om alder, kjønn eller kvar i Luster kommune vedkomande bur. At det dukka opp eit tilfelle no er ikkje overraskande, seier han.

– Det var pårekna at me ville få smitte i Luster, og me reknar med å få mange fleire etter kvart.

Smittekjelde

– Er det klart kvar vedkomande fekk smitten frå?

– Det eg veit er at ein er i gang med smittesporing fredag ettermiddag. Vedkomande er isolert i heimen.

– Kor godt budde er de i Luster på korona-utbrot no?

– Eg opplever at me har eit godt grep om situasjonen så langt, men me veit at det kan liggja vanskelege tider framfor oss no. Me har fokus på at me til ei kvar tid lever opp til dei nasjonale føringane. Dei endrar seg nesten kvar dag, og me samarbeider godt med Fylkesmannen og overordna nivå. Me har fokus på å planleggja slik at me kan yta gode tenester sjølv om det kan koma sjukefråvær utanom det vanlege, seier Lilleeng.

Oppsette timar

Nokre stadar i landet har legekontora sendt ut melding om at folk skal droppa oppsette timar, og ingen vert fakturerte. Folk vert bedne om å ikkje koma til legesenteret med mindre det er akutt. Men slik melding har ikkje kome i Luster.

– Det er noko me har diskutert. Folk vil få beskjed dersom det vert naudsynt å avlysa. Inntil vidare skal folk møta til oppsett avtale.

Artikkeltags