(FIRDA:) Helse Førde melder i ei pressemelding måndag at tre barn per no er innlagde med påvist smitte av RS-virus.

Ein av desse pasientane har behov for pustestøtte.

I tillegg til desse tre ventar ytterlegare ein pasient på prøvesvar på RS-virus, og denne pasienten er difor også innlagt på sjukehuset.

Helseføretaket har hatt stor pågang med bronkiolitt-sjuke barn over helga. Bronkiolitt er ein virusinfeksjon som medfører betennelse i slimhinnene på innsida av dei tynnaste luftrøyrene, lengst ut og ned i lungene.

Dette forårsakar pusteproblem som kan minne om astma. Tilstanden skuldast ofte RS-viruset.

Frå pressemeldinga kjem det også fram at Helse Førde har hatt fleire innleggingar på nyfødd intensiv av barn med behov for pustestøtte. Desse skal ikkje ha påvist RS-virus.

Helse Førde gjekk inn i grøn beredskap fredag 5. november. Grøn er den lågaste beredskapen, men inneber likevel ein situasjon som krev auka merksemd og førebuing mot ekstraordinære ressursar og tiltak.

Helse Førde innfører beredskap på grunn av RS-viruset

Anne fekk berre tolv dagar heime med trillingane før dei fekk RS-virus

Går i beredskap etter auke i RS-tilfelle: – Ser ein situasjon som er på stigande