– Studien, som er gjennomført blant foreldre med born mellom tre og seks år, viser at lesing i heimen er ein aktivitet dei brukar mindre tid på, seier professor ved Lesesenteret Trude Hoel til Bok365.

Under Nordisk Barnebokkonferanse denne veka blei det kjent at berre eitt av tre born har ein vaksen som les høgt for seg, sjølv om 80 prosent av borna i undersøkinga oppgjev at dei har spurt om å lesa bok saman med ein vaksen i løpet av den siste veka.

På si side svarar foreldra at dei tykkjer det er hyggeleg å lesa saman med barnet sitt. 33 prosent av foreldra svarar at dei les lite eller ingen ting for barnet sitt i veka. 41 oppgjev å lesa to til fire bøker i veka, og 26 prosent seier dei les fem eller fleire bøker i veka.

Ifølgje nettstaden meiner forskarane bak studien at ein må ta initiativ til å bli lesen for frå born på alvor.

– Det at det finst faste rutinar for lesing i heimen, ser ut til å ha særleg betyding for kor mykje lesing som skjer saman med borna, seier Elisabeth Brekke Stangeland, førsteamanuensis ved Lesesenteret.