Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Digitalisering og ny teknologi må til for å møte dei store samfunnsutfordringane vi står midt i. Skal heile landet henge med, må regjeringa styrke ordningar som sikrar at næringslivet utanfor dei største byane finn relevante og kompetente forskingsmiljø.
Utfordringane står i kø framover: Klimaendringane merkast, og vi treng eit grønt skifte. Krig og uro påverkar internasjonal handel og forsyningskjeder. Vi blir fleire eldre og færre unge, og kampen om arbeidskrafta hardnar til. Samarbeid om forsking mellom næringslivet og forskingsinstitusjonar er avgjerande for at vi skal kunne møte desse utfordringane. Her må vi ha verkemiddel som styrkar samarbeidet også utanfor dei største byane.
Ressursane til forsking og utvikling er konsentrert til dei sentrale områda i landet. Det viser Kommunal- og distriktsdepartementet sin rapport om regionale utviklingstrekk (2021). Den same rapporten viser at næringslivet sine kostnader til forsking og utvikling per sysselsett i Vestland fylke, ligg under landsgjennomsnittet og langt etter fylke vi elles brukar å samanlikne oss med.
Eit svært effektivt verkemiddel for å styrke samarbeidet mellom forskingsinstitusjonar og næringsliv, har vore Kapasitetsløft-ordninga frå Noregs forskingsråd. Ordninga gjev midlar til å byggje kapasitet i forskingsmiljøa på område som er relevante for næringslivet, og med mål om å bidra til meir forskingsbasert innovasjon i bedriftene i ein region.
Prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane starta i 2018 med mål om å auke kapasiteten hjå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet innan digitalisering og automatisering, særleg innan stordata og robotikk. Utviklingsselskapet Kunnskapsparken Vestland er med som partnar for å sikre tett kontakt med næringslivet, og SINTEF bidreg med sin kompetanse. Prosjektet har vore eit stort spleiselag mellom Forskingsrådet, Vestland fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og ikkje minst næringslivet som har bidrege med eit betydeleg tal arbeidstimar for møte, samlingar, søknader og innovasjonsprosjekt.
Vi vil påstå at prosjektet har lukkast godt. Fagmiljøet har vakse frå 3–4 tilsette i 2018 til om lag 16 årsverk i løpet av 2023. Det har kome nye studietilbod ut av satsinga, som ein sivilingeniørgrad i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap i Førde som vil levere etterspurde kandidatar med relevant kompetanse til næringslivet i regionen. Viktigast av alt er at næringslivet no har teke forskingsmiljøet i bruk. Til dømes går det føre seg innovasjonsprosjekt støtta av Forskingsrådet både hos Paneda i Selje,
Probad på Sandane, og Nortura i Sogndal innan digitalisering og robotikk. Endå fleire bedrifter har skrive gode søknader og ventar no på svar. Eit stort samarbeidsprosjekt med bedriftene nLink, Fieldwork Robotics og Njøs frukt- og bærsenter har nett starta opp, med mål om å robotisere og utnytte data betre i frukt- og bærnæringa. Sidan Teknoløft starta opp, har det blitt løyvd midlar til forskings- og innovasjonsprosjekt for over 190 millionar kroner innan digitalisering og automatisering i Sogn og Fjordane. Forskingsrådet bidreg med om lag 90 millionar kroner i forskingsstøtte til regionen, og bedriftene sjølve satsar meir enn 50 millionar på forsking og utvikling.
Teknoløft-prosjektet gir oss i forskinga tid til å snakke meir med næringslivet. Eitt døme er samlinga for produksjonsbedrifter hjå Lerum fabrikker på Kaupanger 24. mai, som Teknoløft og Lerum arrangerte. Frå Lerum, Stryvo i Stryn, Nortura i Sogndal og Avery Dennison NTP i Gaupne, fekk vi gode døme på korleis dei har brukt digitalisering til å effektivisere verksemdene.
Samstundes fekk vi eit klart inntrykk av behova for å jobbe vidare med å gjere seg nytte av stordata og robot-teknologi, og trongen for møteplassar mellom forsking og næringsliv for å definere behov, sjå løysingar og få oversikt over verkemiddel og finansieringsordningar.
Vi meiner at Kapasitetsløft-ordninga er heilt nødvendig for at næringslivet utanfor dei største byane skal ha relevante og kompetente forskingsmiljø å oppsøkje med sine behov. Støtta til Teknoløft har vore viktig for at forskarane skal ha nok kapasitet til å møte dei mange bedriftene som ønskjer å drøfte idear, og heilt avgjerande for at ein skal ha nok kapasitet til å hjelpe til med å skrive dei mange forskings- og innovasjonssøknadene som prosjektet har bidrege til saman med næringslivet.
Næringslivet i distrikta har krav på kompetente forskingsmiljø som forstår og følgjer opp deira problemstillingar, og som kan bidra med kompetanse over tid. Kapasitetsløft-ordninga er ei av få ordningar som stimulerer til forskingsbasert samarbeid mellom næringsliv og forskingsinstitusjonar i store delar av landet. Utfordringa er at den årlege løyvinga til Kapasitetsløft er lita, og utlysingane er sjeldne. Dermed er det svært få prosjekt som når gjennom, og mange gode prosjekt som får avslag.
Om målet er meir innovasjon og auka utviklingskapasitet i distrikta, bør Kapasitetsløft-ordninga heilt klart styrkjast. Snart kjem det ei ny stortingsmelding om distriktspolitikk. Vi ventar i spenning på kva ambisjonar regjeringa har for brukarnær forsking og innovasjon i heile landet.