– Me forstår nok ikkje heilt kva me har vore gjennom sjølve. Alle eg fortel det til blir rørte, og ikkje minst at det gjekk bra. Eg skuldar Ruben og Martin at eg sit her no.
Saman med turkamerat Ruben Johnsen Davidsen sit Eirik Hansen utanfor Kafé Krydder i Sogndalsfjøra.
Det er mai, og det har gått ein liten månad sidan Eirik var døden nær i Sør-Tyrkia.
– Eg har opplevd skumle ting i elva før, men aldri noko som dette. Eg kunne døydd. Me var alle ille ute, seier Eirik.
Når dei møter Sogn Avis er det første gong dei fortel historia i detalj. Det vekkjer kjensler hjå kameratane å høyra kvarandre setja ord på det dei opplevde i elva.
Eirik meiner likevel at det er riktig å snakka om kor gale det heldt på å gå. Og han vil gjera det sjølv.
– Me vil fortelja dette på vår måte, for me vil ikkje at det skal tolkast feil. Mange ting gjekk gale denne gongen, men dette er ein idrett der ting kan skje. Me har sikringar og tar tryggleiken på alvor, men du kan aldri vera heilt sikker. Det er ein risiko i naturen som ein aldri kan beskytta seg mot.
– Me gjer dette på grunn av kjensla av liv me får, ikkje på grunn av redselen for å døy. Det er det same med bilkøyring. Det er ein risiko der, og den aksepterer du.
Som ei elv gjennom Hurrungane
Me tek det frå starten.
Tre kajakkar kviler på det urolege elvevatnet. Dei ligg ved innløpet til «The Great Gorge», det store juvet, som elvepadlarane kallar denne delen av Manavgat-elva i Sør-Tyrkia.
Med seg har dei fyrstikker, tau og actionkamera for å dokumentera turen.
Juvet er 25 kilometer langt, og er ein del av elva som renn frå Taurusfjella og ned til kysten før ho forsvinn ut i Middelhavet.
Etappen dei har framom seg er det mest krevjande. Vårvarmen og ein snørik vinter gjer elva flaumstor. Rykta seier at ho nærmar seg den høgste vassføringa som det har vore padla i.
– Det er som ei elv gjennom Hurrungane, skildrar Eirik.
Fleire hundre meter høge fjell stig opp på kvar side.
Den einaste vegen ut, er å følgja vatnet.
I kajakkane sit Eirik og Ruben, som bur i Sogndal, og kameraten Martin Vonheim, som held til på Voss. Alle lærte seg elvepadling på villmarkslinja til naturbruk-skulen på Voss.
No er dei på sin første utanlandstur som trio.
Dei set utfor elva.
Det går gale
Eirik og Martin har lagt eit par turar bak seg allereie, men for Ruben er dette første gong ned Manavgat-elva.
– Eg heiv meg med midt i eksamensperioden, og måtte levera eksamen over internett frå hotellet. Difor fekk eg ikkje vera med på dei første turane, forklarar Ruben.
Trioen reiste sørover fordi dei var gira på å koma i gong med padlesesongen, men i Noreg gjekk det framleis vinter i april.
I miljøet gjekk rykta om Sør-Tyrkia, eit område dei hadde trudd var for demma opp til å vera verdt å reisa til. Trioen frå Vestlandet heiv seg rundt, kjøpte billettar og tok inn på hotell.
Tilbake i elva er dei komne eit stykke nedover. Vassmengdene går ned fossar og gjennom tøffe stryk. No kjem dei på rekke og rad.
– På dei vanskelegaste punkta står ein av oss på land og sikrar med tau, medan dei to andre går gjennom etter tur, forklarar Eirik.
Martin sikrar og Ruben ventar, medan Eirik skal setja utfor eit ekstra utfordrande «crux», som betyr eit vanskeleg stryk.
Det er her det går gale.
Følg det som skjer i videoen under.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
I år er Eirik inne i sin tiande sesong med elvepadlinga han oppdaga på Voss.
– Tida på villmarkslinja endra livet mitt. Der møtte eg Martin, som kom frå Stryn, og eg oppdaga elvepadlinga. Det vart fort ein lidenskap, seier bergensaren.
Han såg seg ikkje tilbake, og i 2016 gjekk turen til Sogndal. Her har han vore sidan.

Verdsmeisteren Aniol fekk sjokk av det som møtte han i Sogn: – De veit ikkje kva de har
Lidenskapen har teke han verda rundt, og han har padla med nokre av sportens fremste utøvarar.
No dreg straumen i Manavgat-elva han med ned i djupet.
– Det blir heilt mørkt. Eg er utmatta etter kampen mot bakevja, og taket eg fekk på kajakken var dårleg.
Han fekk berre tak i dekkriggingstauet på toppen av kajakken.
– Dei slitna, og eg stod att med tauet i nevane.
No er Eirik i trøbbel. På land bles Martin det han kan i fløyta for å informera Ruben om at noko er skjedd. Fleire raske signal betyr at noko er gale. Eitt blås betyr at det er klart.
Martin bles mange gongar i fløyta.
Litt etter dukkar Eirik opp att frå djupet.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
Eirik og Ruben møtte kvarandre på villmarkslinja. Ruben klamra seg til Eirik og tok til seg alt han kunne av kunnskap og erfaring om elvepadling.
Når han no høyrer lyden frå fløyta til Martin, får han berre med seg det første signalet.
– Eg byrjar å padla mot stryket, og skal følgja den same linja som Eirik.
Så kjem Martin springande med veivande hender. Ruben får beskjed om at Eirik har forsvunne i elva.
Ruben padlar seg inn til land, kastar kajakken på skuldra og legg på sprang langs elva etter kameraten.
– Me veit ikkje om han er blitt med nedover, eller om han ligg att under vatn ein plass.
– Etter eit stykke ser eg at Eirik har kome seg i land der elva er litt breiare, seier Ruben.
Eirik held fram.
– Når Ruben kjem padlande forbi, gir eg beskjed om at eg er uskadd, men at kajakken er vekke. Han må jaga den, seier Eirik.
Eirik kjem seg ikkje derifrå utan kajakken. Ruben må padla vidare ned elva han aldri har prøvd seg på før.
Elva er stor og vanskeleg, og dei tøffaste stryka er framleis framom han.
– Eg prøvar å rekognosera det eg kan før kvart stryk, men tida er knapp og eg endar opp med å padla fleire utan å ha ei tydeleg linje, seier Ruben.
Etter 500 meter blir han fanga i ei valse. Dei oppstår når vatnet kastar seg over steinar, slik at det kjem i retur.
– Eg kjem meg ikkje derifrå. Vatnet slår mot meg, eg får skikkeleg juling, seier Ruben.
På elvebredda sit Eirik igjen og uroar seg over korleis Ruben skal koma seg forbi valsa.
Snart kjem Martin padlande etter.
«Vil du har fyrstikkene?», ropar Martin.
«Nei, klokka er elleve på føremiddagen. Eg klarar meg. Reis etter Ruben og finn kajakken, så kjem de tilbake til meg. Eg prøver å klatra ut»
«Ikkje gjer noko dumt», ropar Martin i det han startar på turen nedover.
Eirik står att åleine.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
Åleine opp fjellet
Rådvill, stressa og med kroppen full av adrenalin er Eirik fast bestemt på at han skal koma seg ut på eiga hand.
– Eg er i modus om å gjera alt for å overleva. Eg skal ut.
Han klatrar oppover fjellsidene. Ruta han har sett seg ut skildrar han som mellom fire og fem på det norske klatresystemet. Klatrenettstaden Peakbook skildar nivå fem slik: «Ofte bratt og luftig. Det er på 5 nivå du virkelig begynner å få følelsen av å gjøre det umulige mulig.»
– Det blir ikkje lettare av at eg har på meg tørrdrakt og spruttrekk og ei padleåre. Tauet brukar eg til å dra resten av utstyret etter meg, seier Eirik og ler av seg sjølv.
Med eit fall i klatreveggen i Florø for to år sidan friskt i minne, er han er ikkje veldig glad i høgder frå før. Eirik Hansen kan glatt padla 22 meter med foss, men er skeptisk til å hoppa få 10-meteren.
– Adrenalinet gjer at eg ikkje tenkjer på risikoen før eg er over hundre meter oppe i veggen.
Han må snu.
Nede ved elva igjen kler han av seg for å henga utstyret til tørk. Medan han drikk vatn frå elva kjem det små steinsprang rundt han.
– Eg må ha sett passe smart ut der eg gjekk kliss naken langs elvebreidda med actionkamera i handa og hjelm på hovudet. Eg speida etter nye ruter å klatra.
Til slutt ser han ei rute han trur er mogleg å koma seg ut, og bestemmer seg for å prøva på nytt.
Varme
Lenger nede har Ruben til slutt dytta seg ut av valsa, og jaktar kajakken vidare. Martin tek han att, og saman padlar dei nedover mot rolegare stryk.
Etter ein kilometer møter dei russiske Mike, som er i området med ei gruppe han guidar. To frå gruppa har sett kajakken, og padla etter han. No ligg den på elvebredda og ventar på dei.
Dei går land og vurderer situasjonen dei står i.
Manavgat-juvet ligg i Altinbesik nasjonalpark, og dekninga i området er dårleg. Dei må i alle fall ut av juvet før dei får ringt nokon.
Dei veit ikkje om Eirik framleis er uskadd, om han vil klatra ut eller prøva å ta seg ned elva åleine.
– Me spør oss sjølve om me kan padla ned heile resten av elva med tre kajakkar, men blir einige om at det vil ta for lang tid, seier Ruben.
Saman finn dei ein traktorveg ut av juvet, og går for å bæra kajakkane ut.
– Det er 400 høgdemeter til næraste landsby, Menteşbey. Det er mellom 25 og 30 varmegrader i lufta, og kajakkane veg over 20 kilo. Det er ein av dei tyngste turane eg har vore på, seier Ruben.
Dei har lite mat og er tørste. Sveitten renn, og Ruben er utmatta. Etter to timar er dei oppe.
– Når me kjem opp til landsbyen diskuterer me igjen om me skal ringa etter hjelp, eller prøva å henta ut Eirik sjølve.
Saman vurderer dei det til at dei har best føresetnad til å greia det på eiga hand.
– Årsaka til det, er at me trur det vil ta lang tid å kontakta ei redningsteneste, dei må nok ha helikopter for å koma seg inn til han, og det vil nok ta tid.
– Eg lurer på korleis ein skulle fått det til med eit helikopter. Den einaste plassen det er mogleg å koma seg ned er midt over elva, skyt Eirik inn frå sida.
I landsbyen bankar dei på dører, og finn til slutt ein mann som er villig til å hjelpa. Ved hjelp av oversettingstenesta til Google forklarar dei situasjonen.
– Han har ein liten Fiat, så me pakkar kajakkane inn i det vesle bagasjerommet, men dei heng langt ut og me må festa dei med tau, seier Ruben.
No nærmar klokka seg fire på ettermiddagen. Dei set kursen mot startpunktet.
«Dette går ikkje»
Samstundes er Eirik igjen høgt oppe i fjellveggen over elva.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
På veg ned att kjem han over ei hole.
– Ho er full av dyreavføring, men eg reinskar så godt det let seg gjera, og legg meg til rette. Eg legg meg på spruttrekket og flytevesten. Så bles eg tørrdrakta full av luft og brukar ho for å halda varmen.
– Når eg ligg der, går det opp for meg at situasjonen ikkje lenger er i mine hender. Eg må venta på hjelp.
Dersom den ikkje kjem, er siste sjanse å svømma ut åleine utan kajakk.
Det er som å trilla terning med livet, tenkjer han.
No tek han fram sjokoladen han har med seg, og reknar på kor mange dagar han trur han kan halda seg her, dersom noko har gått gale for dei andre.
Med vatn i elva og sjokoladen reknar han med at han vil greia nokre dagar. Kanskje finn han noko han kan laga bål med?
– Då var eg med ganske godt mot. Eg heldt meg varm, og klokka gjorde at eg kjente meg kopla på omverda.
Han ventar. Mørket legg seg over juvet.
– Eg var mentalt sliten, men greidde ikkje å sova. Eg byrja å kvi meg for om eg måtte ta meg ned elva åleine. Eg visualiserte turen, og lurte på korleis dei andre hadde det.
Utmatta som han er, synest han skuggane i fjellet liknar på kappekledde skikkelsar. Dei beveger seg.
Ofte snur han seg etter lyden av fløyter i mørket, men dei er ikkje der.
Stadig er elvebrusen i bakgrunnen.
I mørket
Ruben og Martin har reist frå den tyrkiske sjåføren ved startpunktet, og er igjen er nede ved elva.
– No startar me på tidenes bere-oppdrag nedover elva. Det har gått ganske mange timar sidan me starta no.
Før dei gjekk ned til elva, sende dei melding til kjærastane heime. Dei fortalde om situasjonen, at Eirik har hamna i trøbbel og at dei må sova ute. Men dei sa ikkje alt, og nemner ikkje at det siste Eirik sa til dei var at han skulle klatra ut, og at dei ikkje visste om han kom til å vera der dei reiste frå han.
– Me vil ikkje skapa unødvendig uro for dei medan me var i juvet. Me vil vita alt først, seier Ruben.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
Dei tek seg over buldresteinar, og dreg kajakken gjennom smale stryk. Der dei kan, padlar dei roleg med kajakken til Eirik bak seg. Over holet har dei festa plastikk, slik at kajakken ikkje skal ta inn vatn. Dei tek ingen sjansar, og dreg kajakkane forbi dei verste stryka.
– Tørrdraktene er våte, og me slitne, men me har ikkje noko val. Me heldt det gåande til mørket kom. Då sler me leir.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
I mørket trur Ruben òg at han høyrer lyden av fløyter.
For Eirik er det rart å høyra om kameratane si ferd.
– Dei to jobba i mange timar, medan eg låg i hola og venta. Når eg tenkjer meg om er eg veldig glad for at dei fekk halda på fyrstikkene, seier Eirik.
Rundt bålet er det stille og dei jobbar med å halda varmen. På grunn av det tørre terrenget held dei bålet så nære elva dei kan, men brisen er kald.
– Me kler av oss og heng utstyret til tørk ved bålet, og så skiftar me på å halda vakt, fortel Ruben.
Magesmerter
Når morgonsola kjem vaknar Eirik tidleg, han har intense smerter i magen.
Han ser ned, og det går kaldt nedover ryggen hans.
Han får auge ser ein stor svart flått på magen. Rundt den er det ein svart sirkel. Området rundt bitet er tydeleg betent.
– Det er dropen for meg. No forsvinn alt håp, og eg er sikker på at eg må svømma ut. Bitet gjer alt mykje meir alvorleg, tenkte eg. No må eg koma meg ut så fort som råd, før eg blir for sliten.
Eirik førebur seg på å hoppa i elva og svømma. Klokka er åtte på morgonen. Det er 22 timar sidan Eirik mista kajakken av syne.
Men på veg ut av hola høyrer han noko.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
– Ei ekstrem oppleving
– Eg var mo i knea og hadde tårer i auga då eg såg dei. Eg skalv og greidde ikkje kontrollera kjenslene mine. Berre nokre minutt før hadde eg innsett at eg måtte svømma ut åleine, seier Eirik.
Ruben held fram:
– Eg har aldri kjent på ei liknande kjensle som då eg forstod at det gjekk bra med Eirik.
Dei tek seg ein pause og et opp all maten dei har til overs, og førebur seg på å ta seg ned resten av stryka.
Klikk på videoen for å få han til å starta.
Kreftene i elva gjekk inn på Eirik.
– Eg kom til valsa der Ruben fekk problem dagen før. Der må du gje full gass for å koma deg gjennom, men eg klarte det ikkje uansett, og rulla. Då forstod eg at eg ikkje hadde hatt sjanse utan kajakken.
Over 24 timar etter at turen starta, var trioen oppe i landsbyen att. Der forstod den hjelpsame tyrkaren kva han hadde vore med på, og han hjelpte dei med vatn og skyss inn att til byen.
Tilbake i elva
Eirik vart lagt inn på sjukehus for flåttbitet. Etter mange prøvar og ei natt på observasjon, vart han skriven ut.
Då bar det rett tilbake til hotellet for å få i seg mat, og så tilbake i elva.
Dei padla elva tre gongar til før dei reiste heim att til Noreg. Trass i situasjonen dei hamna i, mista dei ikkje ein dag med padling.
– Kvifor reiste de tilbake i elva så fort?
– Det var noko av det første eg lærte då eg byrja med sporten. Du kan ikkje la reddselen setja seg. Du skal ha respekt for elva, men du kan ikkje vera redd. Då blir du usikker, og kan prøva å kjempa imot kreftene i elva.
Etter at dei kom tilbake i Noreg har dei fortalt vener og kjente historia. I november publiserer Friflyt ein sjølvlaga dokumentar med materialet Sogn Avis har fått tilgang til i arbeidet med denne saka.
– Eg trur ikkje me forstår heilt sjølve kva me har vore gjennom, men no kjenner eg det. Alle eg fortel det til blir rørte av historia, og ikkje minst at det gjekk bra. Eg skuldar Ruben og Martin at eg sit her no, seier Eirik.
I tida etter har alle tre vore på fleire padleturar. Dei har delteke på Ekstremsportveko, padla og konkurrert i Sogndalselvi og vore på noregstur. Når denne saka blir publisert er Eirik på padletur i India.
Gjennom døgnet i juvet måtte dei ta fleire store val på få sekund og med lite kjennskap til konsekvensane. Du må vera tilpassingsdyktig for å driva med dette, meiner dei.
– Det er mykje samansett kunnskap og mange val me må ta. Når eg tenkjer tilbake på det, minner det om ei militærøving, seier Ruben med eit skeivt smil.
Dei to er glade for den utdanninga dei har fått, og meiner ho har vore avgjerande.
– Sporten er dynamisk og me trener heile tida for å ta val me må ta. Elva er trass alt evig forandrande frå dag til dag, seier Eirik.