Sogn er godt representert i årets VM og stiller med heile tre juniorjenter på startstreken i meisterskapen for seniorar som blir arrangert på Gaustablikk denne veka. Fredag køyrde Eirin Fiskaa Haugen inn til ei god plassering i sprinten. (Foto: Gunnhild Vangsnes/NSF)

Eirin på topp 10 i VM-sprinten i telemark

Eirin Fiskaa Haugen køyrde inn til god plassering i sprinten fredag.

Publisert 22.03.2019 kl. 14.32. Oppdatert kl. 14.41.

Lustringen køyrde inn til ein niandeplass, 13,27 sekund bak vinnaren frå Sveits, Amelie Wenger Reymond. Gøril Strøm Eriksen vart beste norske kvinne på 6. plass, medan Guro Helde Kjølseth kom på 7. plass. 


Sogn er godt representert i årets VM og stiller med heile tre juniorjenter på startstreken i meisterskapen for seniorar som blir arrangert på Gaustablikk denne veka.


Andrea Fiskaa Haugen køyrde inn til 16. plass, medan Sara Felde Liljedal kom på 20. plass.


Dette var den andre øvinga i årets VM. Under opningsrennet i klassisk torsdag vart Eirin igjen beste sogning då køyrde ho inn til ein 12. plass.


Her kom Sara Felde Liljedal kom på 14. plass, medan Andrea Fiskaa Haugen var uheldig og ramla i løpet. Til slutt kom ho i mål på 19. plass.


Laurdag er det parallell som står for tur på Gaustablikk.