Natt til tysdag hadde Statens vegvesen kontroll på Håbakken i Lærdal.

Ein førar fekk gebyr for tre brot han hadde på køyre og kviletida. Føraren blir og meld til politiet for to grovare brot på køyre og kviletida, og føraren fekk gebyr for manglande vognkort. Transportføretaket fekk også gebyr for brota til føraren. Vogntoget fekk bruksforbod då det var avrenning frå fiskelasta. Trekkbilen fekk også bruksforbod då dokumenta som gjev han rett til å utføra kabotasjetransport, var mangelfullt utfylt, opplyser Statens vegvesen.

Elles vart det under kontrollen gjeve fleire bruksforbod, gebyr og åtvaringar.

Eit vogntog fekk bruksforbod då det mangla diverse utstyr, det er krav til ved transport av farleg gods. Trekkbilen fekk teknisk mangel grunna sprekt frontrute.

Fleire gebyr

Ein førar fekk gebyr då han ikkje hadde med seg vognkortet på tilhengjaren. Det vart og bruksforbod på tilhengjaren til førar kunne syna fram råderett over køyretøyet. Det vart også bruksforbod då det var avrenning frå fiskelasta.

Ein førar fekk gebyr for brot han hadde på køyre og kviletida.

Ein førar fekk åtvaring på brot han hadde på køyre og kviletida. Transportføretaket fekk pålegg om å kalibrere fartsskrivar på nytt, då verkstaden hadde gjort feil ved siste kalibrering.

Ein førar fekk åtvaring på brot han hadde på køyre og kviletida. Det vart gjeve bruksforbod då førar hadde gjenstandar i frontruta som hindra sikt. Det vart og bruksforbod på vogntoget då det var avrenning frå fiskelasta.

Eit vogntog fekk bruksforbod då det var avrenning frå fiskelasta.