Gå til sidens hovedinnhold

Ein tredje person har testa positivt for koronaviruset

Ny koronasmitte i Sogndal.

Det stadfestar Jan Ove Tryti, kommunelege i Sogndal.

– Sogndal kommune har i dag testa 11 av dei 19 nærkontaktane til den smitta som me fekk melding om i går kveld. Dei resterande åtte har testa seg i andre kommunar. Alle nærkontaktar er framleis i karantene.

Det er påvist ein ny positiv hurtigtest og soleis ein person i isolasjon.

– Ny smittesporing er gjennomført og det er meldt om to nye nærkontaktar som er sette i karantene og testa i dag. Dei hadde negativ hurtigtest, seier Tryti.

Det siste smittetilfellet hadde også vore innom utestaden Meat Point på laurdag.

Les også

To smitta på Meat Point: – No er det stor fare for eit stort koronautbrot i Sogndal

Kommentarer til denne saken