Under ein kontroll på Håbakken natt til onsdag vart 111 køyretøy vinka inn til kontroll.

Éin førar fekk gebyr for brot på køyre- og kviletida.

Det vart skrive tekniske manglar på to trekkbilar med sprekt frontrute. Det vart også skrive teknisk mangel på ein tilhengjar som mangla baklys og ein lastebil som mangla baklys.

Éin førar blir meldt til politiet då føraren ikkje svinga inn til kontroll.

Éin trekkbil var attrådd avregistrert då bilen låg inne med tekniske manglar. Manglane var utbetra og bilen vart godkjent på staden.

Éin førar fekk gebyr då føraren ikkje hadde førarrett på lastebilen han køyrde. Vedkomande fekk ikkje køyra vidare med lastebilen.

Éin personbil som ikkje var omregistrert, var attrådd avregistrert. Forholdet vart ordna på staden.

Tekniske manglar på bremsene

På dagtid onsdag var totalt 212 køyretøy innom kontrollplassen.

Eitt vogntog hadde tekniske manglar på bremsene både på trekkbil og semitralle, og fekk skriftleg mangel grunna dette. Det vart avdekkja luftlekkasje frå luftpute på trekkbilen, som medførte bruksforbod og krav om utbetring på staden.

Ein førar av vogntog fekk åtvaring for mindre brot på bestemmingane om køyre- og kviletid, og det vart avdekkja brot som det var naturleg at føretakskontrollen tek tak i ved ein eventuell kontroll.

Eitt vogntog fekk bruksforbod grunna sikthindrande gjenstandar i frontrute. Førar fekk pålegg om å fjerna dette før vidare køyring.

Eitt vogntog fekk skriftleg teknisk mangel på dekk.

Ved kontroll av ein turistbuss, vart det avdekkja nokre tilfelle av køyring utan bruk av sjåførkort. Denne køyringa kunne ikkje knytast til sjåføren på kontrolltidspunktet, og det vart difor laga ein rapport som går til føretakskontrollen.