Gå til sidens hovedinnhold

Ein positiv prøve

Helse Førde analyserte 129 prøver måndag. Ein av dei var positiv.

Prøvetakingskommune for den positive prøven er Stad. Kommune for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eler har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å senda koronaprøver som dei har teke. Dermed kan prøvane bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre resultat frå dei prøvene som er analysert hjå Helse Førde, opplyser helseføretaket på nettsida.

Kommentarer til denne saken