ULUKKE: Ein person er henta med helikopter etter skiulukka i Hurrungane i Årdal kommune. (Arkivfoto: Jostein Aasen, NVE)

Ein person til Haukeland sjukehus etter skiulukke i Hurrungane

Publisert 15.05.2019 kl. 16.07. Oppdatert kl. 16.19.

Ein person har falle ned ein skrent i Hurrungane, melder Vest Politidistrikt.


Det vart iverksett redningsaksjon med helikopter.


Personen er henta opp i helikopteret og send til Haukeland sjukehus, seier Per Algerøy i Vest Politidistrikt.


Personen var i åleine. Eit turfylgje på tre oppdaga personen og varsla naudetatane.


Turfylgjet har vore i kontakt med politiet. Dei anslår at mannen datt ned ein skrent på 400 til 500 meter.


Dei tre andre som var på staden klarte å koma seg ned att på eiga hand.


Les meir om: Nyhende Politi Årdal