Gå til sidens hovedinnhold

Ein ny koronasmitta i Luster

Måndag kveld er det klart at Luster kommune har fått ein ny smitta person.

– Eg fekk akkurat melding no om at ein person frå Luster har testa positivt for korona, seier kommuneoverlege Knut Cotta Schønberg.

Dette er ein person som har vore i utlandet i eit raudt område. Vedkomande vart testa ved innreise, og personen gjekk rett i karantene.

– Det er slik det skal vera. Eg er svært nøgd med at innbyggjarar her tek stort eigenansvar, og oppfører seg på denne måten, seier Schønberg.

Det er ikkje fare for smitte til andre, og no går personen over i isolasjon.

Kommentarer til denne saken