Ein førar meld til politiet

Publisert 30.08.2019 kl. 06.22.

Statens vegvesen hadde kontroll i Årdal og Lærdal torsdag kveld. 33 køyretøy vart kontrollerte.


Sju av desse køyretøya hadde skriftlege manglar på nærlys, eitt hadde teknisk mangel på bremselys og mangel på tre dekk der mønsteret var under lovleg minimum.


Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande bremselys og ein bil vart krav avregistrert grunna manglande periodisk køyretøy kontroll.


Ein førar blir meld til politiet fordi han køyrde utan bremselys på tilhengaren og eit føretak fekk gebyr for å ha køyrd med tre dekk der mønsteret var under lovlig minimum.