Det fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Politidistrikt Vest.
– Patruljen hadde fartskontroll i ei 60-sone mellom Sogndal og Leikanger. Der vart det skrive ut tre forenkla førelegg. Høgste målte fart var 84 kilometer i timen.
Halloweenfestar
Politiet tok seg tid til å svinga innom nokre ungdomsfestar i løpet av laurdagskvelden òg.
– I Øvre Årdal hadde russen meldt om eit arrangement. Der var det god stemning og fleire foreldre til stades som passa på. Det er bra, seier Hellesund.
I halv titida fekk ein halloweenfest i Luster besøk av politiet, også her stod det bra til.
– Det var stor stas med politiet på besøk.
Mest liv var det på ein fest i regi av ei russegruppe på Leikanger.
– Her var det meldt om tilløp til slåstkamp, men det roa seg greitt. I tillegg var det ein del fyll og overstadig rusa ungdom, nokre ned mot 16 år.
Også her var det fleire vaksne til stades for å hjelpa med vakthaldet, noko som fungerte bra.
– Patruljen melder om ein del ungdomar i busker og kratt. Dei hadde kanskje drikkevarene der, eller vart dei litt amorøse i haustnatta? spekulerer Hellesund.
I Sogndal sentrum måtte to kamphanar skiljast. Saka vart løyst på staden og treng ikkje oppfølging.