Gå til sidens hovedinnhold

Ein alvorsprat om Sogn Avis

Det som har skjedd med Sogn Avis i 2020 er meir enn ei modernisering. Det er ein bergingsaksjon. Eit forsøk på å dra avisa tilbake frå kanten av stupet. Så langt ser det ut som aksjonen har lukkast.

Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Me lyt ta oss ein liten alvorsprat om Sogn Avis. Ein prat om aldersparentesar, bustadsaker og lokaljournalistikk som set dagsorden. Om kvifor avisa har vorte slik ho har vorte, og kvifor du ikkje skal venta deg at avisa brått endrar karakter no som eg er på plass som redaktør.

For dette er første dagen min i jobben. Hei! Eg heiter Arve Uglum, og me skal nok bli godt kjende etter kvart.

Å ta over som leiar Sogn Avis i dag er moro. Skulle eg teke fatt på denne jobben på same tidspunkt i fjor ville eg kvidd meg. Eg ville sannsynlegvis ikkje teke på meg jobben i det heile, og no skal eg forklara kvifor.

Sidan toppåra rett før 2010 har ting gått feil veg for Sogn Avis. Ikkje fort, ikkje dramatisk, men det har gått jamt nedover. Det som var eit opplag på over 10.000, var redusert til litt over 8.000 ved starten av 2020.

Og det er ikkje fordi ein har laga ei dårleg avis. Sogn Avis vart kåra til årets beste avis i 2015 av Landslaget for Lokalaviser. Opplaget steig det året, så starta nedgangen att. Eit tydelegare teikn om at den reine papiravisa si tid nærma seg slutten er det vanskeleg å tenkja seg.

Sogn Avis var eit godt produkt i feil format.

Kort fortalt tok eigarane grep og selde Sogn Avis til Amedia, eit nasjonalt konsern av lokal- og regionaviser. Digitalisering er vanskeleg for eit frittståande avishus. No er verktøya me treng hyllevare i konsernet. Resultatet er at mange av dykk no les dette frå ein skjerm og ikkje på papir. Me skal framleis laga ei god papiravis, men det er på nettet veksten skjer.

For eg nemnde det, ikkje sant? Sogn Avis veks no. Endeleg.

Frå veke fem i år publiserte avisa sakene på nett først. Ny nettside, ny app, til ei viss grad ny journalistikk og ikkje minst nye lesarar. Ganske mange etter kvart.

Det er for tidleg å seia at trenden er snudd, men for første gong på lenge ser det ut som om lokalavisa di har ein sjanse i det lange løp. Det ville vera galskap av meg som ny redaktør å setja i gang ei storstila omkalfatring no som pilene omsider peikar oppover.

Sogn Avis har knytt sogningar saman sidan ho oppstod gjennom ekteskapet mellom S/SA og Sogn og Fjordane i 1993, og no har me for alvor trua på at avisa skal halda fram med det inn i framtida. Forandringane kjem, men dei blir ikkje brå og store.

Eg har knapt fått gjort anna enn å snakka med dykk lesarar om avisa sidan i vår, då det blei klart at eg skulle bli den nye redaktøren. Eg har merka at tonen har forandra seg, og det er ei lette. For det var mykje klaging i starten. Papiravisa var annleis, me skreiv om hus og heim og hadde aldersparentesar bak namna til folk i titlane. Når Arve (45) blir redaktør må det bli ein slutt på dette, fekk eg høyra.

Det kjem ikkje til å skje.

For me ser kva som blir lest på nettet. Det lesarane vel får de meir av, og heldigvis for oss alle blir god, avslørande journalistikk og gode menneskeforteljingar valde.

Det de ikkje vel må me anten kutta ut eller presentere på nye og betre måtar. For me kan ikkje slutta å skriva om til dømes kultur, berre fordi dette stoffet ofte ikkje blir valt av lesarane. Me har eit samfunnsoppdrag, og skal fortelja dykk om det vesentlege. Og blir ikkje sakene lest, har me berre oppfylt samfunnsoppdraget i teorien. Me skal prøva, feila og feila betre, heilt til me knekkjer koden. For det er det me gjer no. Prøver, feilar og finn gradvis ut korleis de eigentleg vil ha det.

Og er kjeldene våre unge nok, slik dei stadig oftare er, set me alderen deira i parentes bak namnet. Kanskje ikkje like ofte som me gjorde i starten av digitaliseringa, men når det passar seg slik.

Me skal heller ikkje slutta å skriva om heimane til folk. Me bør faktisk gjera det meir. Til no har me hatt ei bustadsak i veka – kvar søndag morgon. Og av dei rundt 80 eigenproduserte sakene me presenterer i avisa kvar veke, er denne som regel den mest lesne. Så her har de avgitt stemmene dykkar, folkens.

Me skal sjølvsagt bli endå flinkare til å skriva desse sakene. For historia om heimen til folk, er ofte historia om dei som bur i huset. På sitt beste er bustadsakene god historieforteljing om levd liv. Om menneske av kjøt og blod.

Og det har Sogn Avis alltid vore gode på. Sogn Avis har alltid gitt lesarane sine menneskeforteljingar, og fleire skal det bli.

Og no får de dei sju dagar i veka, 24 timar i døgeret på nettet. Ikkje berre fem gonger i veka på papir. Fleire og fleire forstår no kva de har fått i byte for ei papiravis som ikkje er fullt så rykande fersk lenger. Det har eg fått høyra mange gonger i det siste.

Og så skal me halda fram med å levera journalistikk som set dagsorden i lokalsamfunna våre. Slik me har gjort når me har kika prostiet si handtering av kvinnelege prestar i korta, når me avdekkjer kor skeiv utveljinga av jurymedlemmer til tingretten er og når me viser kor mykje lausmassar som ligg og vippar i steinura over Ylvisåker, vegen så mange av oss køyrer på.

Me skal finlesa offentlege budsjett, slik at du får vita det når Gravensteinsgata plutseleg er ute av statsbudsjettet. For slikt kjem ikkje med i overskriftene på budsjettet. Det må nokon leita etter.

Me skal avdekkja urett, gje den jamne sogning eit talerøyr mot makta, saumfara postjournalar for å gå kommunar, fylke og forvaltning i saumane. Og fortelja om alle suksessane. Dei har me mange av på våre kantar.

Me har mål av oss å vera det som får Indre Sogn til å hengja saman. Me skal gje sogningane fellesnemnarar, og få oss til å kjenna til og bry oss om kvarandre. For me er ikkje fleire her langs fjorden, enn at me er sjanselause dersom me ikkje samlar oss ein gong i blant.

Og med så høge fjell og så djupe fjordar mellom oss, er det eigentleg berre lokalavisa som kan gjera det. For me har rikeleg med felles identitet her i Sogn, og den skal du sjå att i avisa.

Heldigvis har det siste året gitt oss eit håp om at lokalavisa har ei framtid. Og heldigvis har dei mange samtalane mine med dykk lesarar endra seg. Klaginga er redusert til det eg tolkar som eit minimum. Dei handlar trass alt om eit produkt folk uansett aldri kjem til å bli 100 prosent nøgde med. Digitaliseringa byrjar å gå seg til. Endå ho nett har starta.

Me snakkast!

Kommentarer til denne saken