Desse vegane er no opna, men kan bli nattestengde:

Fv 5637 Skjolden – Urnes

Fv 5641 Hafslo – Veitastrond

Fv 5600 Vik – Arnafjorden

Fv 5602 Vangsnes – Fresvik

Fv 5606 Menes

Fv 55 Esebotn

Fv 5623 Bakkavegen

Fv 5625 Skjerdalsvegen

Desse vegane er framleis stengde:

Fv. 609 Heilevang i Sunnfjord

Fv. 5744 Fossebakken-Navelsaker ved Navelsakerstranda

Fv. 5722 Veslebygda-Flo

Fv. 5723 Sande-Bødal

Fv. 5724 Sandnes-Briksdal

Fv. 5720 Hjellestranda

– Ingen av desse vegane vert opna i dag. Vind i høgfjellet og nedbør gjer at det er framleis er stor skredfare i området. I tillegg er det vegar som er stengde mellombels grunna hendingar på vegen. Følg med på www.175.no for status på opne og stengde vegar, melder Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Årdal kommune melder på sine nettsider at det er kome varsel om mykje is som rasar ut i Fardalsvegen.

– Så ver varsam dersom du ferdast der med bil. Me oppmodar om å ikkje nytta vegen som turveg dei neste dagane.