StyreAkademiet er ei ideell foreining som har som mål å fremja godt styrearbeid, skriv akademiet i ei pressemelding.
– Profesjonelt styrearbeid visar seg å vera ein svært viktig faktor i utviklinga av verksemder og næringsliv, seier Moen.
Mange dyktige
Moen seier det i Sogn er mange dyktige og profesjonelle styreleiarar og styremedlemar, men ikkje nok til å dekka behovet.
– Dette ser vi ved at mange verksemder nyttar interne personar i roller som burde ha vore delt, ved at dei same eksterne styreleiarane går att i mange styre, og ved at verksemder må sjå utanfor regionen for å finna styrekandidatar.
Nettverk
Den nyvalde styreleiaren syner til at regionen byr på mange dyktige personar og verksemder som kan vera med på å utvikla styrekompetanse og nettverk både for seg sjølv og andre.
– Det er dei StyreAkademiet ynskjer å ha som personlege medlemar og medlemsverksemder. Det er viktig med profesjonelt styrearbeid, det har eg sett i alle dei jobbane eg har hatt. For alle bedrifter er det viktig med eit velfungerande styre, her har me mange ressursar som kan bidra, både lokalt og elles. Nøkkelen er verdiskaping
Sju avdelingar
StyreAkademiet har avdelingar sju stader i landet. Avdelinga i Sogn blir det åttande. I sin presentasjon i samband med etablering av StyreAkademiet Sogn, framheva Victor Jensen i StyreAkademiet at undersøkingar har vist at bedrifter som ikkje har jobba profesjonelt med styrearbeid, har betydeleg lægre verdiskaping enn andre selskap.
Styret
Det første styret i Styreakademiet Sogn består av leiar Egon M. Moen (62) dagleg leiar i EMM AS, Ole Petter Heggestad (46), dagleg leiar i Gosh PGG og rådgjevar i Evospor as, May Lene Steinheim Lunden (42), dagleg leiar i Fjordsafari Norway og Fjordsafari AS og Leif Inge Husabø (32), finansieringsrådgjevar i Innovasjon Norge Vestland.
I første omgang vil StyreAkademiet invitera bedriftene i Sogn til medlemskap, samt prøva å bygga opp eit sponsorat. StyreAkademiet vil satsa på sitt første arrangement til hausten i Sogndal.