Egil (19) toppar lista: – På tide å få ned snittalderen

TEK KAMPEN: Egil Natvik Vestrheim (19) frå Lærdal er klar til å ta kampen og mobilisera for eit regjeringsskifte i 2021. Lærdølen blir toppkandidaten for AUF i Sogn og Fjordane.

TEK KAMPEN: Egil Natvik Vestrheim (19) frå Lærdal er klar til å ta kampen og mobilisera for eit regjeringsskifte i 2021. Lærdølen blir toppkandidaten for AUF i Sogn og Fjordane. Foto:

Toppkandidaten meiner valet neste år vert det viktigaste i moderne tid.

DEL

– No har Høgre hatt regjeringsmakt i åtte år og me ser klart ei dei trekkjer Noreg i heilt feil retning. Eg ynskjer å ta kampen for eit meir rettvist og grønare Noreg der alle skal ha like moglegheiter til å lukkast og til å leva gode liv.

Det seier Egil Natvik Vestrheim (19) frå Lærdal, som er vald til ungdomskandidat for AUF Vestland, i ei pressemelding.

Høge prisar – lite stipend

Skuleeleven og kommunestyrerepresentanten er AUF sin toppkandidat for Sogn og Fjordane valkrins og er klar til å bretta opp ermane og vinna valet i 2021.

Over 60 unge AUF-medlemmer var med på det digitale representantskapsmøtet denne veka, der det i tillegg til val av ungdomskandidatar vart handsama både prinsipprogram og organisasjonsprogram. No mobiliserer ungdomsorganisasjonen til neste års valkamp, som dei meiner vert ein av dei aller viktigaste i nyare tid.

Egil Natvik Vestrheim har mellom anna vilkåra for elevar på vidaregåande skule som ei av sine viktigaste hjartesaker.

– Sogn og Fjordane er eit av dei områda der flest elevar bur på hybel medan dei går på vidaregåande. Mange hybelbuarar slit med høge leigeprisar og for lite stipend, samstundes som regjeringa kuttar i bortebuarstipendet vårt. Difor ynskjer eg å arbeide for å auka stibendet og gjera det enklare for dei unge i distrikta å få dei same moglegheitene til å gjera det bra på skulen og å kunne vera med på sosiale aktivitetar på fritida, seier han.

Vil dra ned snittalderen

– Eg kjem til å jobba for at me unge som bur i distrikta skal ha godt skuletilbod der dei bur, der bussen går oftare og at me skal ha ein god beredskap i heile landet. I tillegg må me for fullt byrja å arbeida for å skapa framtidas grøne arbeidsplassar. Når det einaste Høgre-regjeringa prioriterer er å kutta meir i formuesskatten, viser dette berre at ei ny regjering er på høg tid!

No vil AUF Vestland trekkja ned snittalderen på Stortinget.

– Gjennomsnittsalderen er over 46 år. Me meiner det er trong for fleire kandidatar som løftar fram dei sakene som er viktig for unge, er den klare meldinga. Miljø er ei av desse.

– Me er den fyrste generasjonen som føler klimaendringane på kroppen og me er den siste som kan gjera noko med det. For meg er det viktigaste at me greier å nå dei måla som vart sett i Paris-avtalen, samstundes som me greier å ta vare på arbeidsplassane, seier Vestrheim.

Artikkeltags