– Eg har sagt det heilt sidan me bygde her framme: Eg skal ikkje ha nokon snøfresar, flirer Dag Skram resignert.
Han måtte gje seg på det. Snøvinteren 2022 og ein handlekraftig svigerson tvang det fram. Då han kom fram til Hodlekve torsdag kveld brukte han først ein halvtime på å måka seg fram til døra, så brukte han 20 minutt på å måka fram den nyerverva snøfresaren han ikkje skulle ha. Han måtte leiga hjelp til å få måka fram oppkøyrselen, og på det halve døgeret som har gått sidan han parkerte bilen om kvelden, har det lagt seg ein ny halvmeter med snø oppå han. Taket er måka ein gong i vinter, dei må sikkert gjera det ein gong til.
To og ein halv meter
– Det var mykje vinteren for fire år sidan, men dette går over alle støvelskaft. Runar Vedvik som brøyter her oppe seier det ligg to og ein halv meter på flatmark, men vinden gjer at det blir vanskeleg å måla. Det er ein meter ein plass, og tre meter litt bortanfor, seier Dag.
– Men de kan vel ikkje klaga? Det er dette de har betalt for.
– Det stemmer. No har me skiføre ut i juni, gliser han.
Ville flytta hit på 80-talet
Og no er dei på plass. Skia står klar og Birgit lurer på om ho skal ta seg ein snartur. Begge hadde to strekar på testen nyleg, men ut på ettermiddagen tynnast det kraftig i løypene, sjølv om det er fjellsportfestival. På ettermiddagane går det an å halda meteren og vel så det.
– Me er ekstremt opptekne av å gå på ski. Det var difor eg flytte til Sogndal i utgangspunktet. Då me flytte på 80-talet lurte me først på å kjøpa oss eit lite rekkjehus på Kjørnes, og heller leggja pengar i å kjøpa oss ei hytte her framme, seier Birgit og peikar ut gjennom vindauget på den påtenkte hytta.
Det vart aldri noko av, og det har dei betalt for sidan.
– Hytta me såg på den gongen kosta 250.000. Men me valde å bu sentralt og kjøpte hus på Navarsete i staden, seier Dag.
Såg etter tomt til andre
Først mange år seinare, i 2017, var dei på plass i Hodlekve.
– Me skulle eigentleg sjå etter tomt for ei veninne av meg. Me fann denne og meinte den måtte vera den beste tomta av alle med utsikt rett ned i skianlegget, ettermiddagssol og heilt fantastisk lys. Så bestemte dei seg for ei anna tomt rett over vegen. Då tek me tomta, sa eg, flirer Birgit.
Det er klart det kosta. Dei har klart seg utan å leiga ut til no, men avviser ikkje at dei kjem til å gjera det.
– Me leiger ut om me må. Og det må me kanskje om rentene og straumprisane stig. Men det er fint å ha det for seg sjølv, seier Birgit.
Hytta var klar til 60-årsdagen hennar i mars det året, og har vorte mykje meir brukt enn dei trudde. Med fem soverom, og ein hems som nesten er som ei lita leilegheit, har Dag Skram og Birgit Weel Skram plass til å samla alt dei har bygt opp saman sidan den januarkvelden på den legendariske rockeklubben Club 7 i Oslo i 1981. Då Dag umiddelbart forstod at skulle han ha noko sjanse hjå blondina frå Fredrikstad, måtte det leggjast til rette for skigåing.
Valentinsdag med svigers
– Det er dette som er samlingsplassen, og difor me har fem soverom. Det finst større hytter enn vår her oppe som berre har tre, men me må ha det slik at alle kan bu her samstundes, og alle har god plass til å sova, seier Birgit.
Dei tre borna Eva, Ida og Ola, livsledsagarane deira, to barneborn og hunden Lektor må ha plass til å vera der samstundes. Eine svigersonen er den ivrigaste av alle etter å koma til Hytta i Hodlekve.
– I fjor feira han valentinsdagen åleine her med oss, fordi han skulle hit og stå på snowboard, fortel Dag med latter i stemma.
Frå Club 7 til Kikut
Det handlar om tilrettelegging for kunne gå på ski. Dag lærte tidleg at det var vegen til lukka. Me skal tilbake til Club 7 i januar 1981. Gut møter jente. Gut og jente likar kvarandre. Dei dansar og flørtar til Club 7 stengjer for kvelden, og så:
– Me droppa nachspielet og gjekk heller tre mil på ski til Kikut dagen etterpå, ler Dag.
På vegen til Birgit sitt hjarta gjekk det skispor.
– Eg kan lova deg at det var ikkje alle romansar på Club 7 som tok den vendinga, men så varte ikkje alle så lenge som denne heller, legg han til.
– Han hadde aldri vore på Kikut før, men eg tenkte at dette må du klara. Elles blir dette ingenting av, erindrar Birgit.
Handlekraftig svigerson
Dag stod distansen og vel så det. 42 år seinare sit kona og gjer seg ferdig med arbeidsveka framfor panoramaglasa, medan Dag har ein pause frå måkinga.
Det går tungt i dag. Snøfresaren ville ikkje ta skikkeleg, men det hjelpte då han fekk melding frå Oslo om han måtte ha inn gassen.
– Det var svigerson min, Torgeir, som stod for dette. Han var her og skulle stå på snowboard ei helg, men med ein liten baby er det ikkje så mykje tid til overs. Først måtte Ida sitja i nabohytta med babyen i to timar medan han måkte fram hytta, så brukte han resten av helga på å måka resten. Neste gong han kom att hadde han kjøpt denne brukt for 2000 kroner, fortel Dag.
Då måtte han berre gje seg.
Dur utfor hytteveggen
– Då eg høyrde at det tok til å dura utfor hytteveggen kunne eg ikkje seia nei heller. Eg vart glad. Han gjekk her ei heil helg utan å få brukt brettet sitt, stakkar.
Og når snøen er måka, roar det seg. Det er det som gjer at dei har brukt hytta mykje meir enn dei trudde dei skulle gjera. Dei får ei anna ro rundt skigåinga.
– Før i tida vart det alltid eit visst stress i helgane. For du visste at passerte klokka 11 var det uråd å finna parkeringsplass. No tek me oss gjerne to små turar i løpet av ein dag, heilt utan å stressa.
– Me får vera att
– Den finaste tida er på ettermiddagen når parkeringsplassen blir tømt og trekket stoppar. Alle reiser heim, men me får vera att. Då har me ein liten afterski på terrassen og ser på lyset. Ut på kvelden sit me og ser på hovudlyktene til folk som har vore på kveldstur. Dei er det mange av, seier Dag.
Og så blir det nokre skuterlys. Det er ikkje til å stikka under ein stol. Dag pleidde å vera kritisk til den omfattande, og strengt tatt ulovlege, skuterkøyringa i Sogndalsdalen. Han skreiv til og med ein kritisk limerick han vurderte å senda inn til Sogn Avis.
Ein snøskuterkøyrar frå Dalen, sa han var på nyttekøyring for faren. Men spora dei står, som synlege sår, og provar at han eigentleg køyrde galen.
Dag Skram i 2002
– Eg sende han heldigvis ikkje. For trur du ikkje me stod her to karar med tunge sekker og hundar ei stund etterpå. Det var djup snø og me stod bom fast og skulle på tur. Då kom det ein på snøskuter og lurte på om han kunne ta sekkane våre. Så då lærte eg den. Eg byrja sjå nytten i dei, kan du seia. No reknar eg meg som halvt daling og har eit godt forhold til skuterfolka. Og så er det mindre skuterkøyring no enn før, seier han.
– Få i alle fall med at eg ser verdien av god opplæring i forhold til redningsaksjonar. Eg støttar idéen om eit øvingsområde.
Terrasse til våren
Det blir ikkje mykje terrassesitjing denne vinterferien. Ein plass utanfor hytta har dei 70 kvadratmeter terrasse, men dei ser han neppe att før våren. På taket til hytta nedanfor er det fotspor.
– Det er naboen. Han leitte etter pipa si, men han fann ho ikkje, seier Dag.
I staden skal dei slappa av i koronaisolasjon. Dei har ikkje hastverk med å koma ned att, og vurderer å selja huset på Navarsete.
– Me klarar oss med mindre. Det er luksus dette, veit du. Me har alt for mykje, seier Birgit.
– Me eg hadde aldri tenkt å selja huset om me ikkje hadde denne hytta, seier ektemannen.
– Eg trur eg skal ha meg ein runde på ski, seier Birgit.
– Eg blir her og måkar, seier Dag.