– Eg har aldri sett slik jakt før
Sondre Naustdal var på veg frå Kjørnes til Sogndal då han såg det skjedde noko i fjorden. Han stoppa på ei busslomme, og byrja å filma. – Det er heilt fantastisk. Eg har aldri sett slik jakt før. Det såg ut som spekkhoggarane jakta niser. Det var fleire som stoppa for å filma, men trur ikkje dei fekk med seg matfesten.