Korleis hamna Birger Olav Sørebø her, sitjande med ein journalist i sofaen sin og eit aktualitetsportrett i emning?

For litt over ei veke sidan var han ein fredeleg indresogning med ein god jobb i eit spennande selskap innanfor energibransjen i Trondheim, med ei tung oppgåve framom seg på Kvist i Ytre Sogn. Ei oppgåve ikkje så mange visste om.

– Det handlar jo om ein arv. Ikkje berre etter mor mi, men far min og bestefar min før det, seier han.

Birger Olav er framleis den same mannen, men siste veka har det verkeleg storma rundt han.

Det har vore mykje, går han med på. Birger Olav gler seg over engasjementet rundt geiteflokken på Kvist.

Likevel er det er ein ting han vil ta tydeleg avstand frå.

I ei tidlegare utgåve av artikkelen stod det at dyrevernalliansen i 2005 ville ta ut store delar av flokken. Det er feil. Det korrekte er Mattilsynet ønskte dette. Feilen vart retta 25.03 klokka 11:53.

– Eg forstår dei veldig godt

Onsdag førre veke slapp Sogn Avis nyhenda. Dei forvilla geitene på Kvist mellom Nessane og Lånefjorden skal skytast, har Mattilsynet vedteke.

Dyra har truleg har levd tilnærma som dei gjer i dag sidan 1930-talet. Før 2024 er omme skal dei etter planen vera vekke for all framtid.

Sidan den onsdagen har garden til Birger Olav vore omtalt i aviser landet rundt. Berre i Sogn Avis er det publisert eit tosifra tal saker og innlegg. På sosiale medium rasar debatten.

I dag møter me

I denne spalta blir du betre kjend med personar som er i nyheitsbiletet denne veka eller er aktuelle for Sogn Avis å møta av andre grunnar.

Kjenner du nokon me bør snakka med? Tips oss på [email protected]

Med ein ro som mange erfarne aviskjelder i Sogn kan læra mykje av, har han fortalt journalistar frå lokale, regionale og nasjonale mediehus historia om geitene. Seinast dagen før Sogn Avis er her, hadde han Vestlandsrevyen på altanen.

Tolmodig har Birger Olav fått fram bodskapen sin.

– Eg står ikkje i ein konflikt med Mattilsynet. Eg forstår deira side veldig godt, slik regelverket blir tolka. Likevel er det vemodig at geitene må skytast.

Beit seg fast

Geitene «alle» snakkar om, arva han då mora gjekk vekk i 2017.

Sidan har han forvalta flokken på nesten same måte som ho gjorde etter at faren døydde på 80-talet.

I 2017 budde han i Trondheim, men no byrja han å bruka meir og meir tid i barndomsheimen på Nornes. Det er her han sit no. I 2019 flytte han formelt heim.

Med seg heim har han med seg jobben som produktsjef i Proserv, eit selskap som utviklar kontrollsystem i energisektoren.

Her har han vore med sidan starten på 2000-talet. Då heitte selskapet Sicom. Framleis reiser han éin tur til Trondheim kvar månad. Det er vanskeleg å ha ansvar for fysiske produkt utan å sjå dei sjølve.

– Eg må opp av og til for å møta medarbeidarane og sjå det me jobbar med. Bortsett frå det, sit eg her heime.

At han er eigar av dyra på Kvist, står det formelt sett ingen plass. Han fekk dei som sagt med familiegarden som han arva i 2017.

Dyra som les landskapet

Til Kvist kom familien Sørebø frå sørsida av Sognefjorden ein gong tidleg på 1900-talet. Truleg var geitene med på ferda. Fleire geitegardar har set sit preg på strendene langs sørsida òg.

Birger Olav kjenner få detaljar om kva som følgde i tiåra etter.

To raske dødsfall på 80-talet, først bestefaren og så faren nokre år etter, er årsaka. Den formelle overtakinga vart aldri som ein hadde tenkt.

Det er lite av historia som er skriven ned.

Dei store linjene er likevel at geitene vart gåande ute heile året. Det milde klimaet og den solrike plasseringa gjer at dei greier seg sjølve gjennom vinteren. Geitene manøvrerte landskapet, og la hevd på skogen. No kjenner dei liene her betre enn nokon andre.

– Eg veit kvar eg skal leita etter dei ut frå kvar vinden står. Dei kjenner alle plassane dei kan finna ly, seier Birger Olav.

Han prøvar å vera ute hjå geitene sjølv ein gong i veka, i tillegg til vener og kjente som reiser forbi jamt og trutt.

I vinterhalvåret bidreg dei med fôr.

– Eg kan berre seia det eg kan sjå sjølv, men erfaringane eg har er at dyra er friske og greier seg. Det er enkeltdyr som døyr, men det går ei stund mellom kvar gong. Årsakene er ofte ulike.

I år har han funne eitt dyr. Det er ikkje ei kjekk oppleving, seier Birger Olav.

– Men har tanken slått deg, kva om desse dyra ikkje har det godt der dei går?

– Definitivt. Det er lett å sjå seg romantisk på villgeiter i fjellet, men det kan vera ta mørketala er store når det gjeld kor mange dyr som døyr av sjukdom. Likevel er biletet samansett.

Dødsårsakene han har notert seg inneheld påkøyrslar, rovdyr som ørn og rev og endå til tjuvjakt. I tillegg har stammen på Kvist lagt bak seg to tøffe vintrar.

– Det er viktig å få konteksten

Engasjementet som har vore for geiteflokken på Kvist har vore overveldande den siste veka.

Då Birger Olav og kameraten Jon Erik Brox Holme fekk beskjed om at geitene måtte bøta med livet, såg dei ikkje noko anna val.

Regelverket var tydeleg. Det var ikkje ei anna praktisk løysing, slik dei såg det. Ei temjing av stammen meiner dei er ein utopi.

– Men det engasjementet som har kome no, såg eg ikkje koma. Eg visste at mange lokalt hadde eit forhold til dyra, men aldri noko slikt.

I skrivande stund har støttegruppa på Facebook fått 15.000 medlemmar. Det talet stig framleis. Geitene på Kvist har nådd landbruksministeren sitt kontor.

Fokuset på saka har gjort at dei to i samråd med Mattilsynet har bestemt seg for å setja uttaket på pause.

Etter fleire klager skal Mattilsynet no sjå på saka på nytt.

– Eg er ikkje ein ekstrovert person som likar å stikka meg fram. Men for meg handlar dette om å gje folk konteksten dei treng til å forstå det me ser.

Mora hans stod fleire gonger på barrikadane for geiteflokken på Kvist.

Då Mattilsynet i 2005 ville ta ut store delar av flokken, fekk ho snudd det til at makstalet vart auka frå 30 til 100 dyr.

– Desse dyra er vel ein del av arven din etter ho?

– Ikkje berre etter mor mi, men far min og bestefar min før det. Samstundes har krava endra seg sidan den gongen desse byrja å gå fritt. Det må me ha med oss.

Difor forstår han Mattilsynet. Den strofa gjentek han fleire gongar i intervjuet. At folk går så hardt ut mot Mattilsynet og enkeltpersonar som nokre i kommentarfelta gjer, synest han er trist.

– Dei har vore profesjonelle heile vegen. Dei har ei oppgåve og eit regelverk. Ein kan vera ueinig, men du kan ikkje angripa enkeltpersonar.

Kanskje ein hyllest-øl?

Sjølv om har stått på mykje den siste veka, har Birger Olav funne tid til å pleia andre interesser.

Laurdag møtte han opp saman med Rune Svedal for å representera Balder på ein ølfestival i Sogndal.

Ein skikkeleg ølnerd og eit lite geni. Slik skildra Svedal kameraten.

– Eg har alltid hatt ei interesse for god mat og drikke, vedkjenner Birger Olav.

Slik vart det til at han no skal vera med i gjengen som skal gjennomføra generasjonsskiftet i bryggjeriet frå Leikanger.

Han gler seg over å skulle vera med å forma det vidare.

Først er målet å stabilisera bryggjeriet og sikra framtida. Slik må og framtida til geitene òg avklarast.

Han vågar ikkje prøva seg som spåmann.

– No er alt litt i lufta, men det er mange som engasjerer seg og mykje er på gong. Det er umogleg å seia kor dette vil enda.

– Blir det ein hyllest-øl til geitene på Kvist etter kvart?

– Det skal ein kanskje ikkje sjå vekk frå. Balder har eit øl som heiter Stabukk faktisk. Det er skikkeleg godt øl, forresten. Me skal prøva å halda det i sortimentet vårt, svarar Birger Olav med eit lurt smil.