E-CO Energi AS skifter namn

Hafslund, E-CO Energi og Eidsiva Vannkraft har blitt Hafslund E-CO og har skifta føretaksnamn.

DEL

E-CO Energi AS skifter namn til Hafslund E-Co Vannkraft AS og Eidsiva Vankraft AS skifter navn til Hafslund E-CO Vannkraft Innlandet AS.

Det opplyser Hafslund E-CO i ei pressemelding.

Til dagleg vil all verksemd framstå som Hafslund E-CO, blir det opplyst.

Hafslund E-CO er eit av Noregs største og mest tradisjonsrike kraftkonsern med røter tilbake til 1892. Hafslund E-CO eig vasskraftverk i Aurland, Hallingdal, Innlandet og Østfold og driftar ein produksjon på nærare 21 TWh.

Det er nok straum til å forsyna over halvparten av Noregs befolkning med vasskraft, går det fram i pressemeldinga.

Artikkeltags