Dyster statistikk- ni menn drukna i mai

ULUKKE MED VASS-SKUTER: To menn omkom i ei vass-skuterulukke utanfor Fredrikstad i mai.

ULUKKE MED VASS-SKUTER: To menn omkom i ei vass-skuterulukke utanfor Fredrikstad i mai. Foto:

Fem av totalt ni drukningsulukker i mai skjedde i samband med bruk av fritidsbåt og vass-skuter.

DEL

Det viser drukningsstatistikken til Redningsselskapet.

Så langt i år har 28 menneske omkome av drukning. Det er like mange som i 2019, men ni færre enn i 2018. I første kvartal i år var det fire færre drukningsulukker enn fjoråret, medan april og mai hadde fire fleire ulukker.

Av drukningsulukkene så langt i år, har åtte vore frå fritidsbåt inkludert kajakk og to frå yrkesfartøy. 16 personar har drukna etter fall frå bryggje eller land og to mista livet etter å ha gått gjennom isen.

26 av dei 28 personane som har omkome av drukning i Noreg så langt i år, var menn.

Vass-skuter

I mai omkom to menn i 30-åra under ein tur på vass-skuter mellom Fredrikstad og Hvaler. Ein eldre mann drukna då han hamna i vatnet då båten skulle fortøyast i Asker. I Gjøvik blei ein mann i 70-åra funnen livlaus i vatnet i nærleiken av båten sin og i Florø blei ein mann i 60-åra funnen livlaus i sjøen etter ei grunnstøyting. Også ein yrkesfiskar i 50-åra omkom etter at båten hans gjekk ned utanfor Sørøya.

Redningsselskapet opplyser at dei siste drukningsulukkene i mai har vore knytt til fall frå land i høvesvis Bærum, Hornindal og Hammerfest. Her vart menn i 40-50-åra funne omkomne etter å ha hamna i sjøen frå land.

– Me håpar at så mange som mogleg får gode opplevingar på, i og ved vatn og sjø i sommar. For å unngå ulukker, er det viktig med godt vassvit anten du er i båt, badar eller på bryggjekanten. Tenk tryggleik på førehand, løft blikket og pass godt på deg sjølv og dei rundt deg, er oppmodinga frå Tanja Krangnes, leiar for fagområdet drukning i Redningsselskapet.

Flest i Viken

I Vestland er det registrert tre drukningsulukker mellom januar og mai i år, medan det var fire i tilsvarande periode i fjor.

Så langt i år har ei av tre drukningar skjedd i Viken fylke.

Redningsselskapet sin statistikk viser at rundt 40 prosent av alle drukningsulukker skjer i juni, juli og august.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken