Dyrt møte med kontrollen på Håbakken

Statens vegvesen har hatt to kontrollar i går kveld og i natt.

DEL

Statens vegvesen hadde tysdag kveld og natt til onsdag kontroll på Håbakken i Lærdal. Det vart ein dyr kontroll for eitt av vogntoga.

– Eit norsk vogntog fekk 19.400 kroner i overlastgebyr. Årsaka var at føraren nytta vogntoget feil og køyrde med overlasta akslingar. Ein av akslingane var løfta opp i lufta, noko den ikkje skulle vera for at vogntoget skulle bli lovleg lasta, opplyser Statens vegvesen.

Ein annan førar i eit norsk vogntog vart meld for brot på køyre- og kviletida.

– Føraren hadde fleire brot på døgnkvila i kontrollperioden. Føraren fekk også 500 kroner i trafikkgebyr for manglande vognkort, opplyser kontrollørane.

Mangla bombrikke

I ein kontroll på Lefdal i Eid tysdag kveld og natt til onsdag fekk ein lastebileigar 8.000 kroner i gebyr for ikkje å ha bombrikke i bilen.

– To sjåførar fekk skriftleg åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida. Ein sjåfør måtte fjerna gjenstandar i frontruta før han fekk køyra vidare, og to sjåførar måtte sikra lasta betre før dei fekk forlata kontrollplassen, opplyser Statens vegvesen.

Artikkeltags