– Du kan framleis vera med kjæledyra dine om du er smitta av koronavirus, men ver ekstra grundig med hygiene

DYR IKKJE SMITTA: Til no er ikkje koronavirus ei fare for dyrehelsa i Noreg, skriv Mattilsynet.

DYR IKKJE SMITTA: Til no er ikkje koronavirus ei fare for dyrehelsa i Noreg, skriv Mattilsynet. Foto:

Foreløpig er det ingen mistanke om at kjæledyr eller husdyr vil kunna utgjera ei smittekjelde for menneske eller dyr i Noreg, skriv Mattilsynet på sine nettsider.

DEL

Mattilsynet anbefaler likevel at eigarar, røktarar eller andre som har kontakt med dyr er forsiktige.

Ein bør unngå å bli sleikt av dyr i andletet og vaska hendene før og etter kontakt med dyr, skriv Mattilsynet.

Viss ein blir smitta av koronaviruset kan ein framleis vera med kjæledyr, men Mattilsynet anbefaler at ein er grundig med hygiene og avgrensar kontakten. Ein bør til dømes ikkje sova i same seng som dyr.

Veterinærinstituttet anbefaler inntil vidare at personar med stadfesta koronasmitte avgrensar sin kontakt med matproduserande dyr. Dette er av føre-var-omsyn.

Ifølgje Verdens dyrehelseorganisasjon (OIE) har ein hund i Hongkong testa positivt for koronaviruset. Det er ikkje dokumentert at hunden er smitta og skil ut virus. Det kan henda at hunden har fått viruspartiklar på seg som har slått ut på testen. Det skjer inga oppformering og utskiljing av virus frå luftvegane til hunden.

Artikkeltags