Droppar nattog til Bergen

Massiv passasjersvikt er hovudårsaka.

DEL

Som følgjer av massiv passasjersvikt har Vy vald å droppa nattavgangane på Bergensbana og Dovrebana, melder NRK.

– Akkurat no er 85 prosent av passasjerane våre borte. Me har ikkje godt nok kundegrunnlag til å køyra alle avgangar, difor har me innstilt nattoga, stadfestar kommunikasjonssjef Nina Hauge Schage. Avgjerda vart teken i lag med Jernbanedirektoratet.

Nattoget vert sett opp att når kundegrunnlaget er tilstrekkeleg, så sant smittesituasjonen er under kontroll.
Vy grunngjev også avgjerda med at det er fleire kontaktflater om bord på nattoga, og at det såleis er vanskelegare å halda smitteverntiltaka i hevd.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken