Drog inn 15.800 kroner i kontroll – fleire køyrer framleis med piggdekk

Manglande bombrikke, overlast og dårlege dekk var noko av det som vart funne i ein kontroll onsdag kveld.

DEL

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på E39 Førde Trafikkstasjon og totalt var 88 tunge og 12 lette køyretøy innom kontrollen. Av desse vart 20 tunge- og tre lette køyretøy kontrollerte nærare.

Støy

Dei tre lette køyretøya var alle lette motorsyklar der to av dei støya så mykje at dei måtte parkera fram til dette vert retta, den siste hadde feilmontert kjennemerke og måtte retta dette før vidare køyring.

– Statens vegvesen oppmodar ungdommar som køyrer lett sykkel til å ordna eksosen slik at syklane ikkje støyar så mykje, både Statens vegvesen og politiet får mykje klage på støy frå desse køyretøya, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Gebyr

Elles fekk ein utanlandsk buss 8.000 kroner i gebyr for manglande bombrikke, same bussen hadde heller ikkje alle dokumenta i orden og fekk bruksforbod fram til forholdet var retta og det vert sendt rapport til samferdselsstyresmaktene.

I same kontrollen fekk eit transportfirma 3.800 kroner i gebyr for overlast og køyretøyet fekk bruksforbod fram til det var lasta av til lovleg vekt.

Lenge sidan fristen

Også fleire førarar fekk til saman 4.000 kroner i gebyr for dekk som var under lovleg minimum.

– Me kunne og høyra på kontrollplassen at det framleis er ein del bilar som køyrer på E39 med piggdekk, Statens vegvesen oppmodar alle som framleis køyrer med piggdekk om å skifta til sommardekk snarast, det er nær ein og ein halv månad sidan fristen var ute, opplyser kontrollørane.

I tillegg fekk sju køyretøy skriftleg manglar, det var rust på bremseskiver, luftlekkasje på bremser, oljelekkasje frå to køyretøy og bremseskive under minimum grense og mangel på lys.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken