Brannvesenet vart fredag ettermiddag tilkalla då ei ku fall i gjødselkjellaren på ein gard på Voss. Første meldinga frå Alarmsentralen 110 Vest gjekk på at kua stod med hovudet over møkka.
Oppdraget med å få kua opp viste seg å vera vanskeleg. Ein time etter at brannmannskap kom på staden, arbeidde dei framleis for å frigjera dyret.
– Dyret er i live, og me ser på ulike løysingar for frigjering. Ingen enkel operasjon, tvitra alarmsentralen.
Først to timar seinare, klokka 17.18, kom meldinga om at dyret var frigjort. Kua var medteken, skriv 110 Vest.
Dermed vart det ein god slutt på det som fort kunne enda annleis.