To personar fekk klar beskjed frå politiet seint fredag kveld, då dei stod og drakk alkohol på offentleg stad på Lærdalsøyri.

Dei to skulle ut på bussreise seinare på natta, og fekk beskjed om å halda seg i ro på venterommet.

Det er alt politiets operasjonssentral har å melda frå Sogn etter ei relativt roleg natt til laurdag. Totalt fekk Vest politidistrikt ti meldingar som gjekk å på uro og festbråk frå private adresser. Alle desse er løyste med pålegg og tydelege beskjedar.