Det var fleire vitne til den dramatiske ulukka på E16 ved Seimsvatnet søndag. To personar er stadfesta omkomne, fleire er skadde. Mange av dei som var til stades kan ha sett og opplevd vanskelege ting som er krevjande å handtera åleine, opplyser Voss herad i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Legevakta på Voss har bemanna opp for at publikum som har behov kan ringa dit å snakka med nokon om kva dei har sett eller opplevd. Legevakta har telefonnummer 116 117. Dei oppmodar også publikum som var til stades å kontakta den nasjonale hjelpetelefonen for førstehjelparar, telefonnummer 02415.

Begge telefonane er klare dersom du har sett eller opplevd noko i samband med ulukka, og ynskjer å snakka om det, melder Voss herad.