Distriktsfiendtlege reglar: – Lyt vera like enkelt å vera elbilist i bygda som i byen

AVGJERANDE: Utbyggjing av nok hurtigladarar i heile landet er avgjerande for at Noreg skal nå sine klimamål, meiner Norsk elbilforeining.

AVGJERANDE: Utbyggjing av nok hurtigladarar i heile landet er avgjerande for at Noreg skal nå sine klimamål, meiner Norsk elbilforeining. Foto:

Det seier kommunikasjonsleiar i elbilforeininga, Unni Berge.

DEL

Eit nytt forslag til reglar for prising av straumnettet kom frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på onsdag.

– Forslaget vil gjera det meir lønsamt å bygga hurtigladarar i heile landet. Det er heilt nødvendig då dagens reglar er distriktsfiendtlege, seier Berge i ei pressemelding.

For få ladarar på bygda

No kostar det meir for nettleiga på hurtigladestasjonane med ujamn bruk, som er typisk i Distrikts-Noreg samanlikna med hurtigladarar i sentrale strøk der ladarane vert nytta jamleg. Dette fører til at det vert bygd for få hurtigladarar på bygda, meiner Elbilforeininga.

Berge meiner dette er urettferdig.

– Me er glade for at NVE føreslår å endra prisinga. Skal Noreg nå sine klimamål lyt det vera like enkelt å vera elbilist i bygda som i byen. Difor er NVE sitt nye forslag så viktig, og det lyt vedtakast for å nå Stortinget sitt mål om 100 prosent elbilar i nybilsalet i 2025, seier ho.

Over 1.000 hurtigladarar lyt byggjast årleg om behovet skal dekkjast, meiner Berge.

Artikkeltags