WORKSHOP: Alle kommunane var samla til workshop på Skei 7. mai. (Foto: Annette Eri Norevik)

Digitale hjelpemiddel skal hjelpa folk til å bu heime lenger

Alle kommunane i Sogn og Fjordane skal no ta i bruk ny teknologi i helse- og omsorgstenestene.

Publisert 17.05.2019 kl. 19.30.

Digitale hjelpemiddel skal gjera kvardagen endå betre for både brukarar og tilsette i kommunane rundt om i heile fylket.


- Målet er at folk skal kunne bu heime så lenge som mogleg, og vonleg lengre enn det ein fekk til før, seier prosjektleiar Kjell Olav Bondevik, i Luster kommune.


Nasjonalt program

Nasjonalt program for velferdsteknologi omfamnar 328 kommunar i landet.


- Målet for Sogn og Fjordane var at «alle skulle med», og me er glade for å kunne annonsera at alle kommunane i fylket no er tilslutta programmet. 24 av kommunane er med i samarbeidsprosjektet «Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane - Alle er med», to kommunar er tilslutta programmet i andre prosjekt. Førde kommune er prosjekteigar og det er leia av Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane, fortel Bondevik.


Samarbeidsprosjekt

Det nasjonale programmet er eit samarbeid mellom KS, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse.


Gevinstrapportar frå det nasjonale programmet viser at velferdsteknologiske løysingar kan gje auka tryggleik, meistring og sjølvstende, slik at fleire kan bu lenger i eigen heim. Ein viser også til betre kvalitet og meir effektiv bruk av ressursar.


- Velferdsteknologi blir sett på som eit viktig verkemiddel mot dei framtidige utfordringane innan omsorgstenesta der ein vil få ein stor auke i behov for teneste rundt om i kommunane. Målet er at velferdsteknologi skal vera ein integrert del av tenestetilbodet i omsorgstenesta innan 2020, seier Bondevik.


Fått midlar

Prosjekta får prosessrettleiing av PA Consulting i arbeidet med tenesteinnovasjon, og alle kommunane i samarbeidsprosjektet i fylket var samla til 1. workshop på Skei 7. mai.


Prosjektet i Sogn og Fjordane er tildelt kr 944.000 for 2019. I tillegg til midlane vil kommunane få rettleiing og støtte frå det nasjonale programmet, og frå ressurskommunar som har gjort seg erfaringar med implementering.


Les meir om: Nyhende Helse