Difor bør du ta av deg ytterjakka i bilen

SKYDDAR DÅRLEGARE: Å ha jakke på under bilbiltet gir dårlegare tryggleik.

SKYDDAR DÅRLEGARE: Å ha jakke på under bilbiltet gir dårlegare tryggleik. Foto:

– Bilbeltet fungerer ikkje optimalt når ein har på seg ein tjukk jakke.

DEL

– I ein kollisjon vil det ta lenger tid før setebeltet strammast, og då aukar risikoen for alvorlege skadar, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

1 av 10 tek av jakka

Berre 1 av 10 tek av seg ytterjakken når dei køyrer bil, syner ei spørjeundersøking.

Ved eit samanstøyt kan dette gje store utslag, sjølv om bilen køyrer i moderat hastigheit.

– Det burde vera langt fleire, seier Brandeggen.

Hjelp borna

Det svenske forsikringsselskapet Folksam har utført ein omfattande kollisjonstest retta mot born som synte at akselerasjonen i brystkasse, nakke og hovud auka markant i ein kollisjon når barnet hadde ein vinterjakke på under bilbeltet. Dette kan gje store indre skadar.

– Lærdomen er å kle av borna ytterjakken, og å ikkje lata små born få festa beltet åleine utan at ein vaksen sjekkar at det sit som det skal, tett intil kroppen.

Er beltet for slakk kan born i verste fall skli delvis under ved ein kollisjon.

– Helst bør beltet vera stramt over hoftene og skulder. I det daglege trur eg mange vaksne ungår å sjekka at beltet sit stramt nok, spesielt på kortare bilturar, seier Brandeggen.

SJEKK: Born treng hjelp av vaksne som kan ta av dei jakka og passa på at beltet sit stramt ved skuldrane og hoftene.

SJEKK: Born treng hjelp av vaksne som kan ta av dei jakka og passa på at beltet sit stramt ved skuldrane og hoftene. Foto:

Artikkeltags