E16 Lærdalstunnelen

Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07:00 og 08:00 måndag, tysdag og onsdag. På torsdagar avsluttar dei klokka 14:00. Arbeidet skal vara fram til 1. juni.

E16 Flenjatunnelen

Vegarbeid mellom 20:00 og 06:00 tysdag, onsdag og torsdag. Det er manuell dirigering og ein må venta på ledebil.

Fv. 50 Steinslandet – Steine i Aurland

Lysregulering heile døgnet grunna asfaltarbeid. Arbeidet skal vara fram til 30. mai.

Fv. 5625 Voldadalane i Aurland

Vegen er stengd grunna vegarbeid mellom 08:00 og 17:00 alle vekedagar. Den er stengd i inntil to timar med gjennomkøyring kvar andre time frå klokka 10:00 og fram til klokka 16:00. Naudetatar kan passera etter avtale med dirigentar. Gåande kan passera klokka 21:00.

Fv. 5627 Sjukestova – Kvam i Aurland

Vegarbeid mellom 08:00 og 18:00 alle vekedagar. Vegen blir stengd i periodar på to timar med gjennomkøyring kvar andre time frå klokka 10:00 og fram til 18:00.

Rv. 5 Håbakken – Nedre Eri

Vegarbeid og lysregulering heile døgnet.

Rv. 5 Hove i Sogndal

Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07:00 og 21:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag.

Rv. 5 Fjærlandstunnelen

Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07:00 og 19:00 tysdag, onsdag og torsdag. Det er inntil 15 minuttar ventetid. Vent på ledebil.

Rv. 13 Bondeviki – Fardal

Vegarbeid og lysregulering. Måndag til onsdag mellom 07:00 og 19:00 kan vegen bli stengd i inntil 15 minuttar. Torsdagar gjeld det mellom 07:00 og 16:00.

Fv. 5613 Hausagjelet – Hausa i Sogndal

Vegen er stengd grunna vegarbeid.

Fv. 55 Herva bru i Luster (Sognefjellet)

Vegarbeid mellom 07:00 og 17:30 måndag, tysdag og onsdag. Gyldig mellom 07:00 og 15:00 torsdag. Vegen er stengd i korte periodar.

Fv. 55 Rappanes – Urdi i Luster

Vegen er stengd i periodar på éin time mellom 20:00 og 06:00 grunna vegarbeid. Naudetatar slepp gjennom på kort varsel. Gjeld berre for natt til onsdag.

Fv. 604 Bergsnes – Alsmo kulvert i Luster

Vegarbeid mellom 07:00 og 18:00 alle dagar utanom søndag. Vegen har endra køyremønster.

Fv. 5633 Seimsdalstunnelen

Vegarbeid.