LA FRAM RAPPORT: Psykolog Ståle Einarens og jurist Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene la fram rapporten der dei har granska arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern torsdag.

Dette kom fram i rapporten om Sogn barnevern

Leiarar, tilsette, arbeidsgjevar, Arbeidstilsynet og Bedriftshelsetenesta får kritikk.

Publisert 19.10.2017 kl. 16.18. Oppdatert kl. 18.14.

I dag la Arbeidsmiljøspesialistene fram rapporten der dei har granska dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnvern, for eit samla kommunestyre og kontrollutval.


Granskinga har sett lys på dei arbeidsmiljøproblema som har vore i Sogn barnevern frå etableringa i 2008 og fram til august 2016. Gjennomgangen har omfatta leiarar, tilsette og vernetenesta på alle nivå.  


 


Les også: Har avdekt alvorlege brot på barnevernslova 


Les også: Set i gang gransking


Les også: Dei skal granska Sogn barnevern


Les også: Har evaluert arbeidsmiljøet i barnevernstenesta 


Les også: Omfattande runde om Sogn barnevern

GJENNOMGANG: Eit samla kommunestyre og kontrollutval fekk ein gjennomgang av rapporten.

Mange får kritikk

Arbeidsmiljøspesialistene har jobba med rapporten, som vil kosta kommunen minst 1,2 millionar, sidan april. 


I arbeidet har dei gjennomført 54 kartleggingssamtalar, og gått gjennom store mengde dokument for å prøva å finna svar årsaka til dei mangeårige arbeidsmiljøutfordringane i Sogn barnevern.


Jurist, Harald Pedersen og psykolog Ståle Einarens la fram ei overordna oppsummering.


- Det har vore eit veldig omfattande arbeid, sa dei.


I rapporten får leiarar, tilsette, arbeidsgjevar, Arbeidstilsynet og Bedriftshelsetenesta kritikk, men dei var likevel forsiktig med å trekkja fram syndebukkar eller skildra konkrete dømer på kva som har gått gale.


Rapporten peika også på at Sogndal kommune ikkje har teke tak i dei mangeårige problema.


- Det nyttar ikkje å pussa ei tann det er verk i. Det har me opplevd at kommunen har gjort i denne saka. Dei har dytta på problema i staden for å ta tak i det, sa dei. 


Vegen vidare

Rapporten går no til kontrollutvalet for behandling. Dei skal senda den til KS for å få råd kva om kva delar av rapporten som kan offentleggjerast. Kontrollutvalet skal seinare vil levera si innstilling til kommunestyret for endeleg handsaming. 


- Me veit enno ikkje kva konklusjonen blir, men me må ta dette viktige arbeidet vidare, sa ordførar Jarle Aarvoll.


- Her er mange interessante lærepunkt. Me skal granska rapporten grundig. Det viktige er at me framleis yter tenestene me skal til denne sårbare gruppa, seier rådmann Jostein Aanestad.


- God gjennomgang

Vibeke Johnsen (SV) var nøgd med gjennomgangen av rapporten som politikarane fekk.


- Eg er glad det er sett av så mykje tid til dette arbeidet. No har me fått ein første gjennomgang. Det blei peika på at kommunen må oppgradera delar av systemet og HMS-arbeidet. Me har fått mykje informasjon som me må setja oss grundig inn i og sikra til at dette arbeidet blir teke vidare, seier ho. 


Ho understrekar at arbeidsmiljø er noko ein aldri blir ferdig å jobba med.


- Det må jobbast med heile tida. Eg har tru på kartlegging som vegen vidare i dette arbeidet, seier Johnsen.


- Veldig overordna

Rita Navarsete (Frp) var ikkje like nøgd etter gjennomgangen.


- Dette var ein veldig overordna gjennomgang. Eg hadde trudd meg fekk vita meir. No er eg spent på fortsetjinga, seier ho.


Ho krev å få sjå heile rapporten.


- Me har ikkje fått sett rapporten, den kjem me til å krevja å få sjå før me skal behandla saka i kommunestyre. Me kan ikkje vedta ein rapport me ikkje har sett. Dette trur eg fleire er einige med meg i, seier ho.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal