Dette firmaet får oppdraget med å ruste opp tunnel til over 300 millionar kroner

KRAFTIG LØFT: Seimsdalstunnelen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og vart opna i 1962. No skal tunnelen skal utvidast.

KRAFTIG LØFT: Seimsdalstunnelen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og vart opna i 1962. No skal tunnelen skal utvidast. Foto:

Det blir Bertelsen & Garpestad som skal rusta opp Seimsdalstunnelen.

DEL

Vestland fylke lyste ut rehabiliteringen av Seimsdalstunnelen på fylkesveg 5633 i juni. Seks entreprenørfirma la inn tilbod, og det var Bertelsen & Garpestad som hadde lågaste pris på oppdraget med dryge 205 millionar kroner. No er klagefristen gått ut, og kontrakt vil bli signert om kort tid, melder Veier 24.

Seimsdalstunnelen skal utvidast og bli om lag dobbelt så brei. Det blir også bygd om lag 500 meter gang- og sykkelveg på Seimsdalssida av tunnelen, og 100 meter på sida mot Årdalstangen. Etter den omfattande utbetringa vil tunnelen tilfredsstilla krava i Tunnelsikkerheitsforskrifta.

Arbeidet med tunnelen skal etter planen starta opp i månadsskiftet oktober- november. I konkurranseutlysinga er fristen for ferdigstillelse av tunnelen sett til 31. mars 2023. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 325 millionar kroner.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken