Kraftskatteutvalet , nedsett av Finansdepartementet, føresler store endringar i dagens system når det gjeld skattlegging av vasskraftanlegg.Endringane inneber blant anna store reduksjonar i inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Det vil ikkje fylkesutvalet ha noko av.Verknaden for kommunane i Sogn og Fjordane er rekna til 334 millionar kroner og for fylkeskommunen 65 millionar.- Tilrådingane i frå kraftskatteutvalet er eit dramatisk brot på den kontrakt vi har hatt mellom stat, kraftutbyggar og vertskommune i meir enn hundre år. Kommunane har stilt sine naturressursar til rådvelde og har difor krav på ei varig og lovbestemt motyting for dei inngrepa som er gjort i naturen, seier fylkesordførar Jenny Følling.