Dette er ein av to strekningar i kommunen som no skal sikrast mot ras

RASSIKRING: Ved Øyni bru mellom Hjelle og Øvre Årdal skal det setjast opp eit 160 meter langt fanggjerde i fem meters høgde, samt rensk, bolting og vegetasjonsrensk.

RASSIKRING: Ved Øyni bru mellom Hjelle og Øvre Årdal skal det setjast opp eit 160 meter langt fanggjerde i fem meters høgde, samt rensk, bolting og vegetasjonsrensk. Foto:

Oppdraga skal etter planen stå ferdige i slutten av februar neste år.

DEL

Vestland fylkeskommune har no lyst ut konkurransen som omfattar fjellsikringsarbeid på to stadar i Årdal kommune, nemleg fylkesveg 5631 Øyni bru og fylkesveg 53 Årøyni.

Det var Veier24.no som først melde om dette.

Ved Øyni bru mellom Hjelle og Øvre Årdal skal det setjast opp eit 160 meter langt fanggjerde i fem meters høgde, samt rensk, bolting og vegetasjonsrensk.

Ved Årøyni mellom Årdalstangen og Naddvik skal det setjast opp eit 600 meter langt fanggjerde i fem meters høgde, samt rensk, bolting, sikring med nett og vegetasjonsrensk. Arbeidet inkluderer også riving av eksisterande metallrekkverk og oppsetting av plasstøypt betongrekkverk på 250 meter.

Arbeidet skal vera ferdige 28. februar 2021.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken